Historikk
I 1994 vart Høgskolen i Bergen etablert. Etableringa var ein fusjon der seks høgskular vart slått saman til ein høgskule. Høgskulane som vart fusjonerte var:
- Bergen helse- og sosialhøgskole (Nordnes)
- Fysioterapihøgskolen i Bergen (Møllendalsveien)
- Haukeland helsefaghøgskole (Haukelandsbakken)
- Bergen ingeniørhøgskole (Nygårdsgaten)
- Bergen lærerhøgskole (Landås)
- Bergen Musikkonservatorium (Bergen sentrum)
Fusjonen innebar at Høgskolen i Bergen vart spreidd på ei rekke ulike geografiske stadar.
Frå 1994 starta arbeidet med å finne eitt eigna lokale som kunne samle heile høgskulen på ein stad.
Viktige årstal
1994: Høgskolen i Bergen sender sitt første brev til Kunnskaps-, undervisings- og
forskingsdepartementet (KUF), og ber om at høgskulen blir samlokalisert i eitt bygg. Dette er i tråd med anbefalingane i høgskulereforma som blir innført dette året.
Departementet er positiv til initiativet om at høgskulen bør samlokaliserast i eitt bygg.
1996: Departementet gir Statsbygg oppdraget med å finne eitt eigna område til samlokalisering. I samarbeid med Statsbygg går høgskulen i gang med kartlegging for å finne ut av kva rombehov høgskulen har i eit nytt bygg.
1997: Statsbygg og høgskulen leverer frå seg funksjonsprogram på bakgrunn av kartleggingsarbeidet.
1999: Konsekvensutgreiing av tomteval. Tre alternativ står på lista: Kronstad, Damsgård eller Nygård. Ny styrebehandling i høgskulestyret. Einstemmig vedtak om plassering på Kronstad med føresetnad om at heile tomta skal gå til høgskuleføremål.
2000: Bystyret vedtar at høgskulen skal plasserast i Damsgårdssundet.
2000: Regjeringsskifte. Statsråd Trond Giske kjem til Bergen og peikar på Kronstad som aktuell tomt for nytt høgskolebygg.
2001: Bystyret vedtar at høgskulen skal plasserast på Kronstad. Statsbygg startar forhandlingane med NSB om jernbanetomta på Kronstad.
2002: Statsbygg kjøper jernbanetomta på Kronstad.
2004: HLM Arkitekter og CUBO Arktitekter vinn arkitektkonkurranse med forslaget «Kobling».
2005: Forprosjektet til bygget vert godkjent. Høgskulestyret ser imidlertid at det planlagde høgskolebygget kan bli for lite på bakgrunn av auka studentmasse. Styret sender brev til Bergen kommune og ber om at nordre del av Kronstad-tomta blir regulert til utdanningsformål.
2006: Det nye symjebassenget i Bergen blir tatt ut av høgskolebygget og flytta til Nygårdstangen etter vedtak i bystyret.
2009: Regjeringa gir oppstartsløyve til høgskolebygget på Kronstad 26. januar. Høgskulestyret arbeider med å få realisert tilleggsarealet på Kronstad-tomta slik at alle studentar og tilsette kan flytte til Kronstad.
2010: Grunnsteinnedlegging. 20. september legg statsråd Tora Aasland ned grunnsteinen på Kronstad-tomta som markerer starten på byggjearbeidet.
Sist endret: 29.02.2012