• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

15.06.2011

Gåvepakka til kommunane

Siri Pettersen og Hanne Grøgård
Siri Pettersen (t.v) og Hanne Grøgård fann mange diskusjonstema under presentasjonen av opplæringspakka ”Fritid med mening”. Dei reknar med å få nytte av tekst og filmar i arbeidet med støttekontaktar i Oslo - bydelen Gamle Oslo.

– Situasjonane som blir vist er veldig relevante for støttekontaktar! Det seier to av dei som driv med opplæring og rettleiing av støttekontaktar, etter å ha fått sjå korleis opplæringspakka ”Fritid med mening” kan brukast. No er pakka tilgjengeleg for alle på nettsida www.fritidmedmening.no.

Hjelpepleiar Hanne Grøgård har ansvaret for rekruttering og opplæring av støttekontaktar for vaksne, medan barnevernspedagog Siri Pettersen jobbar med støttekontaktar for funksjonshemma barn og unge i  bydelen Gamle Oslo.

– Denne pakka kan vi bruke i opplæring og rettleiing. Dei får sjå ulike situasjonar, men vi må vere til stades og diskutere med dei,  understrekar Grøgård, medan Pettersen tenker seg at ein også kan vise dei sju filmane i pakka til folk som er interessert i å bli støttekontakt, men er heilt blanke, og dei er det mange av, seier Pettersen og viser til dei mange epostane ho får frå folk som lurer på om dei skal bli støttekontakt, men veit lite om det. Gjennom filmane kan dei interesserte lettare peile seg inn på kven dei vil jobbe med, meiner ho.

Gruppebilde
Nokre av drivkreftene bak opplæringspakka: Frå venstre prosjektleiar  Trude Løvskar, ansvarleg for manus og regi,  Siv Birgitta Systad, fagleg ansvarleg Kristin Andresen Soldal, fagkonsulent Hege Hansen, og  ansvarlege for fagtekstan, Inger Helene Midtgård og Berit Bareksten. (Foto: Ingebjørg Jensen)

Fleire målgrupper

– Vi har fleire målgrupper med denne opplæringspakka, seier prosjektleiar Trude Løvskar frå Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen:

– Her vil folk kunne slenge innom uansett kva bakgrunn dei har. Vi tenker rekruttering, og vi tenker informasjon til pårørande. Og ikkje minst dei som har ansvar for opplæring, kurs og rettleiing  av støttekontaktar. Og alt kan lastast ned på eigen maskin, seier Løvskar.

Slik kan vi bruke verktøyet:

Vi opnar nettsida og blir møtt med ei menyline og bilete av sju ansikt. Bak ansikta finn vi hovudressursen i opplæringspakka, filmane: Her fortel  støttekontakten til ”Anna” om korleis det er å jobbe med ein autist, den tidlegare rusmisbrukaren ”Lill” fortel om livet sitt no og samværet med støttekontakten, vi møter ”Marianne”, på veg ut av sosial angst godt hjelpt av støttekontakten, middelaldrande Magnus, som er demenssjuk, kona, tilsette på sjukeheimen og støttekontakten som tar han med på turar. Vi får problemstillingar rundt utviklingshemma og viljesterke Knut, hekta på motorsyklar, CP- ramma Jenny og far hennar, som vil vite meir om Jenny sin utviklingshemma symjevenninne, og urolege Kumar, som får utløp for aktivitetstrongen sin saman med støttekontakten i klatreveggen.

– Filmane er tenkt som triggerar. Vi har lagd inn problemstillingar som utgangspunkt for refleksjon og diskusjon. Ein meir filosofisk innfallsvinkel finn ein ved å klikke på ”til ettertanke”. Der ligg  eit dikt og eit lite spørsmål, til dømes ”korleis kan støttekontakten medvirke til at Knut tek eigne val?”, seier Løvskar.

På menylina står stikkord som til dømes ”støttekontakten”, ”deltakeren”, ”relasjonen” og  ”veiledning”. Når vi klikkar på stikkorda, får vi først ein kort og enkel forklaring. Under  ”Støttekontakten” kan vi til dømes lese kva ein støttekontakt er, korleis rolla er definert, og kva typar støttekontaktar som finst. Vil vi gå djupare inn i emnet, til dømes i kurssamanheng, er det berre å klikke på ”les mer i fordypningsheftet”. Der finn vi ein rikt illustrert brosjyre i pdf-format som kan lastast ned og trykkast opp. Fordjupningsheftet tar for seg tema som kva er ein støttekontakt, ulike typar støttekontakt, ulike typar deltakarar, korleis fylle ut eit rapportskjema eller tips til vidare lesing. Vel vi å lese direkte på nett, finn vi ei rekke klikkbare lenker, som midt i teksten som viser til ein av filmane.

For kursleiaren

Går vi inn på førstesida igjen, over menylina, finn vi stikkorda ”for kurslederen” og ”fordypning”. Her kan vi laste ned kursleiarhefte og fordjupingshefte, og få tilgang til fire rettleiingsfilmar.

– Alle som har drive kurs veit at teknikken kan spele dei eit puss, så derfor har vi lagd opp til heilgardering: Om nettet klappar saman, treng ikkje kurset gjere det: Derfor - last ned! I kursleiarheftet ligg det informasjon om korleis ein kan bruke heile ressursen i utdanningssamanheng. Kristin Andresen Soldal har laga dette slik at ein kan nærme seg dette frå ulike vinklar. Her ligg forslag til tema å ta opp, og spørsmål ein kan knytte til dei sju filmane, fortel Løvskar.

Rettleiingsfilmane er også nyttige reiskap for kursleiaren. Dei blei opphavleg laga i 2007 til bruk i etterutdanninga, men no får alle tilgang til dei, vel og merke med passord. Gå inn på FOR KURSLEDER – ”for deg som skal holde kurs” og les ned til ”veiledningsfilmer”. Der loggar du deg inn og registrerer deg med brukarnamn og epost - adresse. Det er ein enkel prosedyre: etter nokre sekundar får du tilsendt eit passord som opnar for å sjå rettleiingsfilmane, vel og merke dersom du har installert Adobe flash player først. Også rettleiingsfilmane kan også lastast ned til eigen maskin og visast på kursa.

Ny pakke - breiare målgruppe

– Dette er ei gåvepakke frå Helsedirektoratet til kommunane, seier Kristin Andresen Soldal, fagleg ansvarleg for den nye pakka. Ho var også med på utforminga av opplæringspakka frå 1991, ”Bli støttekontakt”, som to tredelar av norske kommunar har brukt. Det har vore ein formidabel auke i talet på støttekontaktar sidan då: Frå rundt 8500 i 1991, til vel 30.000 i dag, i alle fall dersom ein tel vedtaka. Ho minner om at pakka er eit svar på kritikk og påpeiking av ei rekke manglar i ein rapport frå Helsetilsynet i 2008. Dermed fekk Høgskolen i Bergen oppdraget av Helsedirektoratet.

– Mykje av den nye pakka byggjer på den same tankgangen som den gamle, men innfallsvinkelen er ny, og målgruppa mykje breiare. I den gamle pakka blei det også vist morosame situasjonar, men i nokre tilfelle også uetisk åtferd. Her har vi tenkt annleis, vi vil ha noko å diskutere, men vi legg ikkje vekt på alt det gale ein kan finne på å gjere. Oppdraget var å vise mangfaldet hos dei som får støttekontakt, og finne døme ”frå vogge til grav”. Også barnevernsbarn, rusavhengige, menneske med demens og psykisk lidingar, medan det tidlegare berre var fokus på tradisjonelle funksjonshemmingar. Og film har stor effekt samanlikna med berre ord. Film rører mage og hjarte og gir eit felles utgangspunkt for diskusjon.

”Kva målet med vedtaket?”

Pettersen og Grøgård fann mange diskusjonstema under presentasjonen av filmane:

– Det som er det vanskelegaste, er å få til den gode matchen mellom støttekontakt og brukar. Vi må ta oss tid til å snakke grundig med dei, og heile tida ha i bakhovudet ”kva er målet med vedtaket?”. I ein av filmane sa dei at målsettinga med vedtaket var ”å kome ut av sosial isolasjon”. Men er  det også er målet for brukaren? Kanskje han var nøgd med å vere i lag med støttekontakten, og ikkje brydde seg om å bli kjend med fleire?, seier Pettersen, som fleire gongar har opplevd at foreldra søker om støttekontakt, medan barnet eller ungdomen kanskje ikkje vil det, eller ikkje forstår kva det er.

Begge er samde i at forholdet støttekontakt - brukar kan bli ganske lukka, og at støttekontakten kan ha stort behov for påfyll undervegs. Pettersen har prøvd å invitere nokre støttekontaktar inn på ansvarsgruppemøte, men ofte vil foreldra ikkje ha dei med. Når det gjeld vaksne brukarar, er det gjerne omvendt: Grøgård opplever at brukaren sjølv synest det er bra at støttekontakten er til stades, særleg brukarar innan psykiatrien.

Dei to synest ei fast samtale etter tre månader, som dei såg døme på i ein av filmane, er ein god idé:

– Før sende eg ut invitasjon til støttekontaktane kvart halvår. Eg har opplevd at berre ein av åtte kjem. Det seier meg at dette kanskje ikkje var den rette formen. Derimot har eg god erfaring med å invitere støttekontaktane til temamøter saman med fast tilsette som jobbar med funksjonshemma, seier Pettersen.

Ingebjørg Jensen

Sist endret:  15.06.2011