• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

12.10.2004

Nerden Ludvig Holberg

Ludvig Holberg
Ludvig Holberg

Slik vi i dag surfar på nettet "sampla" Ludvig Holberg frå det som fanst av skrifter på 1700-talet. Men i motsetnad til dagens nett-nerdar reiste og erfarte han linkane sine. Han nytta både kropp og sjel i sine skrifter, skriv førsteamanuensis ved Aslaug Nyrnes i en kronikk i Hubro.

I Holbergåret 2004 - kven og kva er det vi markerer? Det er i alle fall meir enn ein Jeppe som drikk, ei Mor Nille som slår, og trekanta bakverk. Ludvig Holberg hadde store ambisjonar for samfunnets samla ernæring. Han ville Omstøpe disse Riges almue likesom udi en annen form . Det er eit omfattande prosjekt som vi i dag berre hugsar på flikar av.

Holberg er ein nerd. Som 1700-tals nerd surfar han på si tids nett. Spora etter dette ser vi i eit variert sjangerspekter - frå sakleg-argumenterande prosa, brev og essayistisk kunstprosa til rekkja av komediar. Moralske Tanker frå 1744, er ikkje det ei av Danmark-Norges første heimesider? Holberg var visstnok ein elendig lærar, men frå heimesida med webadresse København driv han fjernundervisning: Jeg holder for, at det fornemmeligen er en Philosophi Pligt at examinere antagne Meeninger, om de ere vel grundede eller ey. .. at viise hvorledes Skyggen tages for Legemet, og hvorledes Lyder confunderes med Dyder, det er ret at agere en Lærer, og at efterleve en Philosoph Pligt .

Tidas tilgjengelege tekstdatabaser

Skriftene til Holberg er på høgde med si tids skrivepraksis. Det betyr at vi der ikkje møter noko etter-romantisk intimitetstyranni. Merksemda er ikkje vendt innover i sjela, men utover i tidas tilgjengelege tekstdatabaser. Barndom i Bergen er t.d. mest interessant ved alle dei linkane byen gir ut til andre stader og tenkesett. Med Moralske Tanker oppsummerer Holberg sit Systema . (A) t efterleve en Philosoph Pligt er nemleg for han å konfrontere eigen kulturs nettstader med framande måtar å vere i språket på.

Peikarane til tidas tekstdatabaser er av fleire typar. Her er tilknytning til munnleg folketradisjon, og eksempel henta frå ulike skriftlege kjelder: den encyclopediske tradisjonen, Fabler og Lignelser , - språkformer som er af den kraftigste Maade at moralisere paa , linkar til Peder Syv's Almindelige danske Ordsproge og korte Lærdomme 1682-88, til Jacob Bidermann's latinske anekdotesamling Utopia frå 1640 og til nettstaden Spectator . Her er linkar til romarane Cicero, Plinius, Seneca, Quintilian, og tekstar av Montaigne, den bekiendte Engelske Doctor Swift og Cervantes. Her er lasta inn store stykke av Grotius, Pufendorf og Bayle, og linkar til Leibniz og Hobbes. Og her er linkar til flyktige skrifter: Aviserne , og til Holbergs eigne mapper: frå Levnedsbreve . doc , der han eksperimenterer sjølbiografisk, til Helte og Heltindehistorier . doc og Udi Klims Underjordiske Rejse . Men databasane er også meir allmenne, - både linkar til almugens ulike heimestader: Prædikestoel og Cathedra , i Forsamlinger alle Postdage , udi Landsbykroer , men også til offisielle databaser: bibliotek i København, Paris, Roma og Oxford. Holbergs skrifter tener som bookmark for den nordiske kontakten til latinsk og klassisk litteratur. Holberg tar kva han kan bruke, kvar enn han finn det, gjer med det kva han vil. Som Holberg-forskaren Billeskov Jansen seier det: Holberg er som kunstner aldri mer fri enn når han binder seg til et forbillede, aldri mer original enn hvor han bevisst imiterer. Og det er ikke noe særlig for ham, det er paradokset i all klassisistisk kunst.

I dette tidlege eksempelet på mangslungen og omfattande nettsurfing er det både eitt og hitt å hente for dagens nerdar. Det heng ikkje minst saman med at Holbergs skrifter er sjølreflekterande.

Surfing og topografi

Det første poenget har å gjere med forholdet mellom surfing og topografi. Holberg går linkane sine: Reisene er ein kombinasjon av å traske, å reise med hest og vogn, eller med skip: en aarvaagen Styrmand, der nøje giver Agt paa Vind, Strøm og Grund . Reisene går altså nede i terrenget, der kroppen får vere målestokken. Slik erfarer han det særeigne ved stadene han er innom. Og Holberg reiser da også: først til Sør-Fron, Kristiansand, Voss, seinare til Holland 1706, England/Oxford - der han skriv seg inn i framandboka i Det Bodleyanske bibliotek i Oxford 18.april 1706, Tyskland 1708, Frankrike og Italia 1714-1716. Holberg får helseproblem allereie i Nederland i 1704 - med feber, migrene, magevonde, går til badekur i Achen, Tyskland: Min Mave tyranniserer mig . Kanskje er det ikkje så rart: 'Festmåltidet' ved Magdalen College, Oxford er i ein prektig hall arkitektonisk sett, men med grove og skitne dukar, tretallerknar, trekar der avgnaga bein blir kasta nedi. Det osar av kjøtt og brød.

Men for nerden Holberg får desse reisene språket til å henge saman med topografi og levd liv: et Menneske bør intet troe, som er imod Notiones communes, det er hvad, som han og alle Mennesker, see, høre og føle at være stridigt med det, som foregives .

Dilemma

Det andre viktige poenget er at å surfe på nettet er å utsette seg for eit stort dilemma - forholdet mellom copia og cornucopia : fylde og overflod, rikdom og mette, lede, avsmak. Holberg meiner sjølv at ein kulturs forråd inneheld mykje ymse: (S)maa Ting ere blevne helligen i agttagne, og vigtige Ting forsømte . Ein kan studere sig taabelig . For i følgje Moralske Tanker er det slik at Skrivesygen (følger) dem, som mindst have Capacité til at skrive . Kritikken fungerer ikkje slik den burde: Man skulde finde mange tykke Volumina, som ved Mynstring vilde blive meget tynde . I gamle Dage, da Verden laborerede af Mangel paa Bøger, behøvedes Opmuntringer til at skrive: nu derimod, da vi have ligesaa mange Skribentere, som Fluer udi September Maaned, behøves at formindske deres Tall . Å surfe på nettet er difor krevjande. For Holberg gjeld det å laste ned det som er aptum , - høveleg i situasjonen. Slik er det t.d. at når han sjølv i Levnedsbreve . doc skildrar storbrannen i København i 1728, gjer han det ved å klyppe inn lange utdrag frå eit brev av Plinius om ein brann i byen Nicomedia frå omtrent år 110. Vi er her langt frå førestillinga i dag om det originale og autentiske, istaden møter vi klassisk eksempelbruk: å ta den gode skildringa som er for handa : i minnet, på skrivebordet, i nabolaget, på biblioteket. Vi ser at å arbeide slik forutset at ein kjenner dei gode webadressene.

Fordrar langsam lesing

Eit tredje poeng har å gjere med samanhengen mellom reise og copia. Å ta seg fram i eit forråd med kroppen som målestokk, er tidkrevjande. Lesing blir til seinlesing . Det har konsekvensar for kor effektiv kandidatproduksjonen kan vere: et Lands Ære bestaaer ikke derudi, at der skrives mange, men at der skrives faa og gode Bøger. Saadant kand naturligen ikke ventes, naar unge Mennesker i fleng holdes til aarligen at publicere Skrifter, og naar man siger: giør dit Skrift færdig til Trykken, om du vil have din Kost og dit Stipendium . Danningsreiser, derimot, er langsame reiser. Her ligg ei åtvaring til dagens nerdar: Man kand opfylde sit Huus med saa mange Gieste, at man selv ikke haver Rum til at vende sig, og man kand fylde Hovedet med saa mange fremmede Hierner, at ens egen Hierne ikke kand operere . Men sjølv ser Holberg sin eigen produksjon som relevant link: thi intet af mine Skrifter, saa vidt mig er bekiendt, er kommet udi Urteboder .

Dette gjer ikkje Holberg moderne. Derimot kan vi gjennom Holbergs skrifter få auga på klassiske trekk i vår eiga tid, trekk som strittar mot copyright, individualisme, originalitetsdyrking, autentisitetsjakt, tempo, tempo. Holberg får oss til å sjå at det meste er sagt betre før, og at språkmerksemd får liv og skrift til å henge saman. Men også at nettsurfing fordrar langsam lesing.

Historia om høgare utdanning i Norden

Holberg er ein knark i augneblinken, tida hans er kostbar: Mitt middagsmåltid, som begynner presis kl tolv, varer kun et kvarter. Jeg bemenger meg ikke med umagtpåliggende ting . For Holberg er også ein samfunnsborgar. Han har stor, mange-fagleg kapasitet, er musikar, økonom, professor, godseigar, bokdistributør. Holberg kommenterer si tids tekstproduksjon og medieproduksjon. Han utforskar fornuftas språklege vilkår. Å lese Holberg er å møte historia om høgare utdanning i Norden. Å lese Holberg er å sjå inn i mange fag si tidlege tilbliingshistorie: landkunne, soge, naturrett, teologi. Det er å møte brevets, essayets, den argumenterande prosaen og komediens tidlege former. Å lese Holberg er å lese godt språk.

Difor er det berre for surfarar av i dag å søke direkte til Holbergs heimeside , og derifrå med manuelle linkar vidare ut i verdsveven.

Skrevet av Førsteamanuensis Aslaug Nyrnes i Universitetet i Bergen sitt magasin Hubro, nr 3/2004

Sist endret:  13.03.2008