21.06.2006
Både til fjells og til sjøs
![]() |
| Turane er knytt til tilrettelegging av utemiljø, som er eitt av tre hovudtema i vidareutdanninga. |
Studentane på Friluftsliv og utemat får ei fin oppleving. Studiet inneber mellom anna to overnattingsturar, ein til sjøs og ein til fjells. Etterspurnaden er stor for kurs som kombinerer kosthald og fysisk aktivitet.
Friluftsliv og utemat er ei ny vidareutdanning ved Avdeling for lærarutdanning. Torbjørn Lundhaug i Idrettsseksjonen har teke initiativ til det nye vidareutdanningstilbodet fordi han har merka aukande etterspurnad etter kurs som kombinerer kosthald og fysisk aktivitet.
- Etter å ha halde ein del kortare kurs med barn og friluftsliv som tema, har fleire deltakarar spurt om kursa også kan innehalde noko om matlaging på tur. Det er tydleg at det er eit behov for kompetanseheving på dette området, seier han.
Den fyrste turen, i haustsemesteret, vil gå til kysten og tek føre seg livet i fjøra. Den andre turen går til fjells, i vårsemesteret. - Desse turane er knytt til tilrettelegging av utemiljø, som er eitt av tre hovudtema i vidareutdanninga, fortel Lundhaug. Dei to andre delane tek føre seg friluftsliv og kosthald i eit kulturhistorisk perspektiv og tilrettelegging av aktivitetar i høve til barn si utvikling.
Heine AskelandSist endret: 13.03.2008

