• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

18.08.2006

Morellspytting og dans

Dans i gymsal
Full konsentrasjon: nye studentar på folkehelsearbeid fekk ein aktiv start på studiet.

- En, to, tre og tilbake. - En, to, tre, løp til høyre. Studentane på Bachelor i  folkehelsearbeid måtte halde tunga beint i munnen då dei møtte til semesterregistrering på Landås.   

 – Me må ha bevegelse og kosthald, sa lærar Frøydis Hausmann då ho møtte dei nye studentane. Deretter bar det rett ut på dansegolvet.

Fnising og latter

Gruppa fniser og ler, den utradisjonelle oppstarten ser ut til å slå an. Studentane har enda ikkje presentert seg for kvarandre, men snart har dei dansa fleire dansar i lag. Måten å møtast på for første gong er uvant, men sosial.

Frukt og vannflasker

Når studentane har dansa seg varme får dei servert frukt på lekre fat. Her kan ein forsyne seg med moreller, druer og vannmelon. I tillegg får alle utdelt kvar si vannflaske – i ekte folkehelseånd.

Norgesrekord i morellspytting

Lærar Torbjørn Lundhaug er i ferd med å vise studentane ut av gymsalen. Neste aktivitet er morellspyttekonkurranse. – Norgesrekorden er 12, 45 og den er frå Lofthus, fortel Lundhaug. Så blir studentar og lærarar utfordra til å spytte.  

Terje Wetteland
Student Terje Wetteland i farta!

Uventa start

Silje Aarnes er ny student, og synes det er kjekt med den uformelle tonen på studiet. Aarnes trur likevel at mange av studentane vart overraska då dei skulle ut på dansegolvet.  

Enormt behov for folkehelsearbeid

- Det er eit enormt behov for å utdanne folk til å jobbe med folkehelsearbeid, seier professor Britt Unni Wilhelmsen. Ho har vore med på å utvikle det nye studietilbodet, som set kosthald og fysisk aktivitet på dagsorden.

 - Det er store utfordringar i samfunnet når det gjeld tema som kosthald og bevegelse, og det er viktigare enn nokonsinne at me set fokus på dette, seier Wilhelmsen.

Både ingeniør- og helsefag

Det er første gong i historia at Høgskolen i Bergen tilbyr eit studietilbod der modulane og faga går på tvers av avdelingane.

- Det spesielle med dette studiet er at studentane ikkje er låst til ein studiestad, men at dei vil variere studiemiljø etter kva modul og fag som står på timeplanen.

Dei skal både innom ingeniørfag og helsefag, i tillegg til fagtilboda me har ved Avdeling for lærarutdanninga, fortel Wilhelmsen.

For meir informasjon om studietilbodet: Bachelor i folkehelsearbeid.

Elin Hovda Hageberg

Sist endret:  13.03.2008