20.03.2006
Aslaug Nyrnes tildelt FoU-pris
![]() |
| - Å få ein slik pris er ei personleg ære og ei oppmuntring, seier FoU-prisvinnar Aslaug Nyrnes. Foto: Elin Hovda Hageberg. |
- Eg har sete på kontoret mange kveldar, mange helger og har lagt ned mykje arbeid i NFR-prosjektet Kunstfagdidaktikk. Då er det fint at arbeidet blir sett, seier Aslaug Nyrnes. Ho er tildelt høgskolen sin FoU-pris for 2006.
Prisen vart delt ut under Arbeidsmiljødagen på Landås, der over 100 personar var til stades. Rektor Eli Bergsvik overrekte prisen. FoU-prisen går til personar som har arbeidd for å fremme høgskolen som forskingsinstitusjon.
I grunngjevinga for utdeling av FoU-prisen til Aslaug Nyrnes heiter det blant anna:
”Aslaug Nyrnes har gjennom egen forskning, gjennom ledelse og administrasjon av forskningsprosjekter, gjennom foredrag og veiledning på blant annet master- og doktorgradsnivå, bidratt aktivt til å bygge opp og styrke forskningsmiljøet ved Avdeling for lærerutdanning og høgskolen forøvrig.”
![]() |
| Rektor Eli Bergsvik overrekte FoU-prisen 2006 til Aslaug Nyrnes. Foto: Elin Hovda Hageberg. |
Det blir også vektlagt at Nyrnes har vore prosjektleiar for det fireårige tverrfaglege prosjektet ”Kunstfagdidaktikk”. Prosjektet er støtta av Norges Forskningsråd, og har hatt som siktemål å utvikle ein kunstfagdidaktikk på kunstfaga sine eigne premissar. Prosjektet har hatt deltakarar frå fagmiljøa innan dans, drama, kunst og handverk, musikk og norsk.
Personleg ære og oppmuntring
Kva betyr det for deg å bli tildelt FoU-prisen?
- Å få ein slik pris er ei personleg ære og ei oppmuntring. Men framfor alt er det viktig at fagområdet humanistisk forsking slik blir løfta fram og gjort synleg og offentleg.
Eg har stor respekt for forsking som føregår ved AHS og AI, og også for forskingsarbeid som blir gjort blant gode og dyktige fagfolk her på AL. I dette perspektivet er det ærefullt at prosjektet eg står i og jobbar med blir løfta fram. Prisen gir ny energi og inspirasjon, seier Nyrnes.
![]() |
| Aslaug Nyrnes har vore prosjektleiar for NFR-prosjektet "Kunstfagdidaktikk" der målet har vore å utvikle ny didaktikk for kunstfaga. Foto: Elin Hovda Hageberg. |
Tok doktorgrad på tekstar frå 1700-talet
Aslaug Nyrnes har skrive doktoravhandlinga ”Det didaktiske rommet”. Avhandlinga er skriven på bakgrunn av studiar av Ludvig Holbergs ”Moralske Tanker”. Nyrnes trur fleire undra seg over kvifor Høgskolen i Bergen og NFR skulle bruke pengar på forsking av arbeid som vart gjort på 1700-talet. Ho er likevel takksam for at ho fekk ta doktorgraden og seier ho hadde ein plan med arbeidet. Avhandlinga resulterte i utvikling av ny teori innan retorisk didaktikk som er publisert både nasjonalt og internasjonalt.
Læremeistrane Holberg og Georg Johannesen
I takketalen nytta Nyrnes høvet til å takke sine to store lærarar: Ludvig Holberg og Georg Johannesen. Ho sa at det er desse to som har lært henne at humanistisk forsking er å utforske språklege landskap, og at dette inneber både tenke-, tale- og skrivemåtar.
- Å vere i skule hos Georg Johannesen var ein knallhard skule, og det har vore med på å forme arbeidet mitt, både i måten eg les på og måten eg skriv på. Johannesen fekk opp ei språkleg merksemd i meg, som eg er han evig takknemleg for, seier Nyrnes.
Vil gi tilbake noko til miljøet
Aslaug Nyrnes er oppteken av å få lov til å betale tilbake noko til miljøet ho jobbar i ved å ha vunne denne prisen. I forskingsprosjektet ”Kunstfagdidaktikk” har ho vore med på å legge til rette for at fleire kollegaer har fått utvida FoU-rammer. Hennar sterkaste ønske er at fleire i fagmiljøa skal få den same sjansen som ho har fått til å bruke mykje tid på FoU-arbeid.
Les meir:
- NFR-prosjektet Kunstfagdidaktikk
- Tidlegare FoU-pris vinnarar
- Vedtektene for FoU-prisen
Sist endret: 13.03.2008



