10.10.2007
Godt å få friska opp teorien
| Elin Heistad hadde mye praktisk arbeidserfaring i idrettspsykologi før ho starta på studiet, og sette pris på å sjå at teorien stemmer med måten ho jobbar på til dagleg. |
- Idrettspsykologi er eit fag eg er veldig interessert i, seier Elin Heistad. Ho tok studiet fordi faget går rett inn i hennar arbeidskvardag som utdanningsansvarleg i Norges Rytterforbund. I tillegg var det ein fordel at kurset var nettbasert.
- Det var godt å få friska opp teorien igjen, seier Heistad. Ho hadde mye praktisk arbeidserfaring i idrettspsykologi før ho starta på studiet, og sette pris på å sjå at teorien stemmer med måten ho jobbar på til dagleg. Heistad er forelesar i emnet treningsleiing og held også trenarkurs i regi av Norges Rytterforbund.
Vil vere fagleg oppdatert
- Motivasjonen min for å ta studiet var å sjekke at eg heldt tritt med utviklinga innan fagområdet. Heistad tok idrettspsykologi for å finne ut om ho var oppdatert på den nyaste litteraturen og den nyaste forskinga innan området. Ho synes det var godt å bli oppdatert på teoriar innan felt som motivasjon og mental trening.
Fordel med praktisk erfaring
- Det er ein styrke å ha bakgrunn i faget, før ein tar nettstudiet. Personar som ikkje har praktisk erfaring frå faget kan kanskje finne studiet utfordrande. Studiet er teoretisk lagt opp, og ein må jobbe ein del på eiga hand for å få tak på stoffet. Det er viktig å vere motivert før ein startar på studiet.
Relevant for jobben
I løpet av kurset skal studentane skrive to store oppgåver. - Heimeoppgåvene var nyttige for min del, for eg kan bruke dei vidare i jobben min. - Eg føreles i emnet treningsleiing, og synes det er greitt å kunne dra nytte av det eg lærte i studiet i eigen jobb.
Nettbasert studium
For Elin Heistad var det viktig at studiet var nettbasert. Ho kunne fortsette å bu i Oslo og vere i full jobb, samtidig som ho kunne studere. - Det fine med å vere nettstudent er at ein sjølv kan bestemme når ein vil studere. I ein travel kvardag og med full jobb, kunne eg studere i helger og på kveldar.
Var studiet hardt?
- Eg bruka ganske mye tid på studiet, med det var fordi eg er interessert i fagområdet, og fordi det er midt i arbeidsfeltet mitt. Ein treng sikkert ikkje å bruke så mykje tid som eg gjorde, men for min del var det eit bevisst val.
Idrettspsykologi |
|
Kan du anbefale andre å ta kurset?
- Ja, det kan eg! Eg er glad eg tok dette studiet, og det var bra for meg.
Elin Hovda Hageberg
Sist endret: 13.03.2008
