19.02.2008
Nye heimesider og ny kompetanse
![]() |
| Aud Våge, Møyfrid Ellingsund og Irene Løken på Tenestetorget i Flora kommune, har teke det nettbaserte studiet i nettpublisering. Foto: Flora kommune. |
- Studiet i nettpublisering har vore spesielt nyttig i forhold til oppgåva med å oppgradere heimesidene våre, fortel Møyfrid Ellingsund.
Møyfrid Ellingsund er gruppeleiar ved Tenestetorget i Flora kommune. Saman med kollegaene Irene Løken og Aud Våge, har ho teke studiet i nettpublisering frå Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen, hausten 2007.
– Sjølv om vi alle har jobba med heimesider i nokre år, er det nyttig å få råd og tilbakemelding frå fagpersonar for å bli betre i nettskriving. Det held ikkje alltid å berre vere sjølvlært, seier Ellingsund.
Fleire på Tenestetorget har teke nettpubliseringsstudiet tidlegare. Varme anbefalingar frå desse gjorde at dei tok til på studiet.
Skal gjere stoffet leseleg
På Tenestetorget er jobbkvardagen varierande og hektisk.
– Mykje av det vi publiserar på sidene er artiklar laga av ulike sakshandsamarar i kommunen. Vi tek jobben med redigering og å gjere stoffet meir leseleg for nettpublikum. I forhold til dette har studiet vore særs nyttig, seier Irene Løken.
– Stadig fleire bedrifter og organisasjonar legg ut meir informasjon og tenester på nettet. Vi ønskjer at dei som arbeider med dette vert godt kvalifiserte innan formidling, nettpraksis og kjeldekritikk, seier Trygve Skanding, koordinator for nettpubliseringsstudiet.
Nettbasert studium
Studiet i nettpublisering er nettbasert, og det inneber at medan dei tre kursdeltakarane på Tenestetorget satt i Florø, satt lærarane i Bergen. Det krev ein god del sjølvdisiplin og god planlegging av tida, slik at ein både får lest og levert det ein skal i tide, fortel Trygve Skanding.
– Både Aud og Irene har teke delvis nettbaserte studium nyleg, så denne arbeidsmåten var ikkje heilt ukjent for dei, men for meg var det litt uvant å ikkje ha lærarane i nærleiken i byrjinga, seier Møyfrid Ellingsund.
Får rask tilbakemelding
Trass i den fysiske avstanden til lærarane ved kurset, har kommunikasjonen mellom dei vore god. Dei tre kollegaene er imponerte over korleis lærarane har vore ofte og lett tilgjengelege for spørsmål og rettleiing.
– Vi har raskt fått svar på spørsmål vi har stilt. Det er veldig spanande å få tilbakemeldingar frå proffe aktørar på tekstredigering og tekstoppbygging, seier Møyfrid Ellingsund.
Dette er ein fordel, påpeikar ho, når dei for det meste må bruke fritida til arbeid med kurset.
– Men sidan studiet er direkte retta mot det vi arbeider med i kvardagen, har vi ofte diskutert fagstoffet i jobbsamanheng, og vi har fritt kunne nytte maskinene på jobb til studiet. Arbeidsgjevar har òg dekt studieavgifta for oss, seier Aud Våge.
Studiet i nettpublisering har søknadsfrist 15. april for komande haust, og 15. november dersom du vil ta studiet våren 2009.
Sist endret: 13.03.2008

