21.08.2008
AIDS-forskarar vann forskingspris
![]() |
| Førsteamanuensis Ole Bjørn Rekdal og førsteamanuensis Karen Marie Moland er tildelt Høgskolen i Bergen sin FoU-pris for 2007. Foto: Mauricio Pavez. |
Førsteamanuensis Ole Bjørn Rekdal og førsteamanuensis Karen Marie Moland er tildelt Høgskolen i Bergen sin FoU-pris for 2007. Prisen får dei for sitt forskingsarbeid på HIV- og AIDS- problematikk i utviklingsland.
FoU-prisen er på 40 000 kroner, og vert delt ut til personar eller grupper ved høgskulen som har utført forsking-, utvikling- og nyskapingsarbeid som held høg kvalitet i nasjonal og internasjonal samanheng.
HIV-førebyggjande arbeid
Rekdal og Moland avslutta i 2007 NUFU-prosjektet ”Gender, generation and communication in times of AIDS”. Prosjektet har omfatta forsking og utvikling av nye HIV-førebyggjande strategiar og tiltak, og prosjektet har vakt internasjonal oppsikt.
4 doktorgradsstudentar og 14 mastergradsstudentar har vore rettleia, og heilt eller delvis finansiert, gjennom dette prosjektet. Dei fleste av studentane har vore kvinner frå samarbeidsland i sør.
No har prisvinnarane starta opp eit nytt NUFU-prosjekt med fokus på utfordringane innan reproduktiv helse for ulike folkegrupper i Etiopia, Sudan og Tanzania. I dette prosjektet rettleier dei 4 doktorgradsstudentar.
Alle søknader innvilga hos Forskningsrådet
![]() |
| - Det er imponerande at de har fått innvilga alle søknadane de har sendt til Forskingsrådet, sa forskingsdirektør Arvid Hallén under utdeling av FoU-prisen 2007. Foto: Mauricio Pavez. |
Under utdelinga av FoU-prisen kom det fram at prisvinnarane har fått innvilga mange søknader til sine prosjekt.
Sidan 2002 har forskarane vore sentrale bak 2 søknader til Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning (NUFU) og 3 søknader til Noregs Forskingsråd, og alle søknadane har blitt innvilga.
At samlege søknader har blitt innvilga hos Forskingsrådet vakte oppsikt hjå prisutdelar og forskingsrådsdirektør Arvid Hallén:
- Det er imponerande at de har fått innvilga alle søknadane de har sendt til Forskingsrådet, for eg veit kor mange søknader som blir avslått, sa Hallén under prisutdelinga.
Fem vitskapelege artiklar i 2007
HIV- og AIDS- forskarane er ikkje bare gode til å skrive søknader til nye forskingsprosjekt, dei er også produktive når det gjeld å skrive vitskaplege artiklar.
I løpet av 2007 publiserte Rekdal og Moland fem internasjonale vitskaplege artiklar.
Og same året publiserte Rekdal ein omfattande bibliografi om Mbulu området i Tanzania basert på innsamla materiale gjennom 20 års forsking og litteraturstudiar.
![]() |
| Ole Bjørn Rekdal mottar FoU-prisen 2007 av forskingsdirektør Arvid Hallén. Foto: Mauricio Pavez. |
Takk til samarbeidspartnarar i sør
- Dette er ein pris me er veldig glade for, sa førsteamanuensis Ole Bjørn Rekdal.
Han nytta høvet til å takke for godt samarbeid med NUFU, Forskingsrådet, Senter for internasjonal helse(UiB) og Høgskolen i Bergen.
Rekdal takka også dei to viktigaste samarbeidspartnarane gjennom dei siste 15 åra; Yusufu Lawi ved Universitetet i Dar es Salaam og Astrid Blystad ved Universitetet i Bergen.
Sats på global helseforsking!
Karen Marie Moland sette fokus på forskinga som resulterte i FoU-prisen og ba leiinga ved Høgskolen i Bergen om framleis å satse strategisk på dette forskingsfeltet.
- Me har fått prisen i forbindelse med vårt samarbeid med institusjonar i Tanzania, Etiopia og Sudan og vil takke Høgskolen i Bergen for at dei anerkjenner dette samarbeidet.
- Me håpar prisen er eit signal om vidare satsing på nord-sør samarbeid og på global helseforsking, der me trur høgskulen har gode føresetnader for å lukkast, ikkje minst i samarbeid med Senter for Internasjonal helse, sa Moland i si takketale.
Om prisvinnarane:
Ole Bjørn Rekdal:
- 1999: Doktorgrad i sosialantropologi (UiB)
- 2002-2005: Post doc- prosjekt: ”AIDS and culture in an tanzanian context”
- Interessefelt: internasjonal helse, spesielt HIV- og AIDS-problematikk I utviklingsland
Karen Marie Moland:
- 2002: Doktorgrad ved Institutt for administrasjon og organisasjon(UiB)
- 2008- Post doc- prosjekt: ”New regimes- new challenges: Mother to child transmission of HIV and the problem of adherence to medication and care”.
Les meir:
Sist endret: 28.10.2008



