• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

12.11.2008

Ny linjeforening på plass

Linjeforening for kommunikasjonssystemer
-Denne gjengen vil ha meir blest rundt utdanninga i kommunikasjonssystemer. Framme(f.v): Anders Taranger, Irene Levendia Ekornrød, rekke 2(f.v): Jan Egil Vestbø, Per Harald Knudsen-Baas(nestleiar), bak(f.v):Thomas Holme og Paul Ottar Tornes(leiar). Foto: Elin Hovda Hageberg.

- Me opplever at for få veit kva me driv på med, seier student Paul Ottar Tornes. Denne veka vart linjeforeining for studentar på kommunikasjonssystemer etablert.

- Me håpar at fleire får auga opp for denne utdanninga, seier Tornes, som er leiar for den nye foreininga.

Ei viktig oppgåve til foreininga blir å gjere utdanninga betre kjend blant potensielle studentar.

Betre samhald

I dag opplever utdanninga at fleire studentar hopper av studiet før endt studieløp.

Dette vil foreininga gjere noko med.

Målet er å skape eit godt samhald blant studentane, både fagleg og sosialt, slik at fleire blir verande ut studietida.

Ønsker å rekruttere nye

Ingeniørutdanninga i kommunikasjonssystemer er relativt ny i ingeniørfaget, og noko av utfordringa er å marknadsføre utdanninga, slik at fleire søkjer studiet. Her vil foreininga gjere ein innsats.

- Me tenker at foreininga kan legge til rette for at studentar på utdanninga kan ta fri ein dag for å reise rundt på vidaregåande skular og fortelje om utdanninga, seier Tornes.

Foreininga ønsker også å opprette kontakt med rågjevarar på vidaregåande skular, for å tilby informasjon om utdanninga.

Professor Knut Øvsthus
Professor Knut Øvsthus fekk æra av å sprette kaka under opningsfesten for den nye linjeforeningen. Foto: Anders Taranger.

Nettverksbygging

Ei anna viktig oppgåve er å etablere gode kontaktar med næringslivet.

Foreininga har allereie inngått samarbeid med NERA, men planlegg å få på plass fleire samarbeidspartnarar.

- Det er viktig å gjere kjent for studentane kva jobbmuligheter dei har etter endt utdannning, seier Per Harald Knudsen-Baas.

Tirsdag 11. november hadde foreninga sitt første møte, og i alt 30 studentar stilte opp og vart medlem.

Den ferske foreninga har no fokus på eksamen, men lovar fleire sosiale arrangement for medlemmene sine etter nyttår.

Interessert?

Ønsker du å etablere ei liknande forening på ditt studium kan du kontakte leiar Paul Ottar Tornes for spørsmål.

Du kan også besøke foreninga si heimeside.   

Elin Hovda Hageberg

Sist endret:  13.11.2008