18.11.2008
Vegen mot universitet har starta
![]() |
| - Det er viktig å mobilisere grunnplanet i prosessen mot å bli universitet, seier rektor Eli Bergsvik. Foto: Elin Hovda Hageberg. |
Tirsdag 4. november var høgskulestyret samla til styreseminar for å diskutere vegen mot universitetsstatus. No blir kvar avdeling bedt om å komme med eitt framlegg til doktorgradsprogram innan 1. mars 2009.
Startskotet for prosjektet mot universitetsstatus vil gå over nyttår.
Men først skal styret godkjenne mandat, prosjektgruppe, referansegruppe og organiseringa av prosjektarbeidet på møtet 28. januar.
Rektor leier prosjektgruppa
Rektor Eli Bergsvik skal leie prosjektgruppa, og gruppa vil til dømes vere samansett av tillitsvalde, studentar og dekanar. Forskningsdirektør Astrid Bårdgard vil vere prosjektansvarleg.
Styret blir styringsgruppe for prosjektet, og i tillegg blir det oppretta ei breitt samansett referansegruppe.
Grunnplanet skal med
- Det er viktig å mobilisere grunnplanet i prosessen mot å bli universitet, seier rektor Eli Bergsvik.
Ho er oppteken av at arbeidet med å oppnå universitetsstatus ikkje skal gå utover den noverande prioriterte verksemda.
På kva måte blir tilsette og studentar involverte i prosessen?
- Dei er viktige representantar i prosjektgruppa. Samtidig legg me vekt på at det blir gitt rom for diskusjonar gjennom avdelingsmøte og avdelingsråd. Me ønsker oss ein god og open prosess, seier Bergsvik.
![]() |
| Kvart enkelt studentkull skal bli godt ivaretatt undervegs i prosessen, seier rektor Eli Bergsvik. Foto: HiB. |
Frykt for grunnutdanningane
- Folk er redde for at dette skal gå ut over grunnutdanningane. Etter mitt syn vil arbeidet med å bli universitet styrke grunnutdanningane våre, seier Bergsvik.
Ho meiner at høgskulen framleis skal tilby god kvalitet på grunnutdanningane, og at det samtidig er viktig å fortsetje med den systematiske kompetansebygginga.
- Slik eg ser det handlar det om å tilby studentane våre fullverdige studieløp hos oss. Då må me også få på plass mastergrader og doktorgrader.
Skal ivareta studentane
- Til studentane vil eg seie at målet med å oppnå universitetsstatus er å auke studiekvaliteten. Universitetsstatus vil bety meir forskingsbasert undervisning for studentane.
Studentar ved høgskulen har referert til studentar ved Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder si oppleving av å bli universitet. Enkelte av studentane meinte at det gjekk ut over grunnutdanningane. Kva er din kommentar til det?
- Eg vil vise til rapporten som vart lagt fram frå arbeidsgruppa som jobba med institusjonsstatus i 2006.
Der seier me at kompetanseutvikling for personalet, og satsing på forsking, må balanserast, slik at kvart enkelt studentkull blir godt ivaretatt undervegs i prosessen.
Dette står ved lag, når me no set i gong prosessen mot å oppnå universitetsstatus, seier Bergsvik.
Kva er eit profesjonsuniversitet?
- Profesjonsuniversitet er ein arbeidstittel for å få fram at me er ein annan type universitet, enn dei klassiske grunnforskingsuniversiteta. Me ønsker å dyrke vår eigenart, seier Bergsvik.
- Universitetet me ønsker å bygge, skal ta utgangspunkt i grunnutdanningane våre, med tanke på å utvikle dei profesjonane me utdannar for.
- Forskinga vår skal ta fatt i problemstillingar som praksisfeltet og næringslivet er opptekne av. Dette er skilnaden mellom dei tradisjonelle breiddeuniversiteta, og det universitetet me ønsker å bli, avsluttar rektor.
Les meir:
Sist endret: 19.11.2008


