22.12.2008
To nye forskingsprogram
![]() |
| To nye forskingsprogram er godkjende av høgskolestyret. |
Høgskulestyret har godkjent to nye strategiske forskingsprogram ved Høgskolen i Bergen. Dermed er tre forskingsprogram etablerte i 2008.
Dei to nye programma er 'Software technologies for distributed systems' (DISTECH) ved Avdeling for ingeniørutdanning, og 'Lærerprofesjonalitet' ved Avdeling for lærarutdanning.
Frå før av er Kunnskapsbasert praksis godkjent som strategisk forskningsprogram.
Kva er DISTECH?
Forskingsprogrammet Software technologies for distributed systems (DISTECH) skal drive forsking og utvikling innan utviklingsteknologiar for komplekse distribuerte system, med vekt på formelle metodar.
Hovudfokus vil vere på følgjande tema:
- Grid-teknologiar: distribuert prosessering
- Multi-agent system: distribuert kontroll
- Semantisk web: distribuerte data
- Modell-driven arkitektur: plattform-uavhengig utvikling
Forsking innan grid-teknologi vil blant anna bli nytta i ALICE-eksperimentet ved CERN, der enorme mengdar data skal analyserast. Grid-teknologien opnar opp for å løysa oppgåver som krev stor reknekraft og stor lagringskapasitet.
Forsking på multi-agent system kan blant anna nyttast i integrerte operasjonar i olje- og gassindustrien. Teknologien er blant anna mynta på avanserte beslutningssystem for produksjonsstyring.
Modell-driven arktitektur og plattform-uavhengig utvikling legg vekt på å utvikle e-læringsverktøy og å finne fram til nye løysingar innan fjernlæring.
Lærerprofesjonalitet
Programmet vil i stor grad vere fokusert mot lærarutdanninga. Det skal forskast på kva mekanismar, krefter og prosessar som strukturerer og regulerer kva slags kunnskap som kan utviklast i lærarutdanninga. Ein ønskjer å sjå på korleis denne kunnskapen fungerer som disiplineringsmekanismar både for student og utdannar som profesjonelle utøvarar.
Programmet vil med andre ord inkludere og stå i sentrum for ein problematikk om lærarutdanninga som kunnskapsorganisasjon.
Denne innsikta skal saman med erfaringar frå delprosjekt retta mot praksisfeltet, frå anna forsking og frå andre lærarutdanningsmiljø, brukast til å skissere eventuelle alternative og forbetra modellar for organisering av utdanningspraksis.
Programmet vil på denne måten ha karakter av utvikling og nyskaping. Forskingsprogrammet samlar fleire fagmiljø ved AL.
Les meir:
- Styresak 61/2008: Strategiske forskingsprogram for 2008
- Styresak 99/2008: Fordeling av stipendiatstillingar til strategiske forskingsprogram
- Midlar til strategiske forskingsprogram
Sist endret: 19.12.2008

