26.01.2009
Klarsignal for høgskulebygg
![]() |
| Det nye høgskulebygget på Kronstad. Teikna av HLM arkitektur og Plan AS og CUBO Arkitekter A/S. |
Regjeringa løyver 65 millionar kroner til nytt høgskulebygg på Kronstad. Dermed kan studentar og tilsette endeleg sjå fram til å flytte inn i nye lokale.
Det var forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen som måndag kom med gladmeldinga under ein pressekonferanse på Høgskolen i Bergen.
- Nå er det alvor, sa ministeren, som deretter gratulerte høgskulen med startløyvinga.
Oppstart i 2009
- Dette er ein gledeleg dag for Høgskolen i Bergen, seier rektor Eli Bergsvik, og legg til:
- Dette har me venta lenge på.
Startløyvinga frå regjeringa betyr at Høgskolen i Bergen no ligg eitt år føre skjema med byggeplanane sine. Arbeidet med prosjektering kan starte opp i 2009, og dette inneber at innflyttinga også blir eitt år tidlegare enn forventa.
Studentar og tilsette kan med andre ord vente seg å kunne flytte inn i nye lokale på Kronstad allereie i 2014, og ikkje 2015 som var forventa.
![]() |
| - Nå er det alvor, sa forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen, som gratulerte høgskulen med startløyvinga på 65 millionar kroner. Foto: Mauricio Pavez. |
Ventetida er over
- Dette er ein svært stor dag, seier høgskuledirektør Nils Mæhle, som har jobba med planane om nybygget sidan 1994.
Han er glad for at bygginga no er framskunda med eitt år.
- Me har venta på klarsignal for nybygget sidan forprosjektet var klarert i 2005, seier høgskuledirektøren.
Den siste kvalitetssikringa av prosjektet (KS2) var ferdig i februar 2006.
Største prosjekt sidan operaen
Høgskulebygget på Kronstad blir det største prosjektet til Statsbygg sidan operaen.
Bygget blir på 48 000 kvadratmeter, og har ei kostnadsramme på 1, 7 milliardar kroner.
I dag er studentar og tilsette ved Høgskolen i Bergen lokaliserte på seks ulike stader i Bergen.
Sist endret: 13.02.2009


