22.04.2009
Studentar gav ministeren råd
![]() |
| Studentane Anne Elisabeth Hopen og Anne Beth Tysseland var spente før dei skulle møte ministeren. Foto: Elin Hovda Hageberg. |
- Dersom barn og unge skal velje norsk mat må dei få kunnskap om dette i skulen, sa studentar frå Mat og helse til landbruksministeren i går. Under eit stappfullt folkemøte på Verftet i Bergen gav studentane ministeren råd.
- Eg var veldig spent før eg skulle ta ordet, seier Anne Elisabeth Hopen. Ho hadde ikkje venta eit fullsett lokale då ho skulle gi ministeren råd om norsk matkultur og norske mattradisjonar.
Det var landbruksministeren som inviterte til folkemøtet med temaet ”Mat med meir meining”.
Ministeren ønskte å diskutere norsk og internasjonalt landbruk med hovudfokus på kva som skal bli framtidas matproduksjon.
Innspela frå møtet vil ministeren ta med seg når ny politikk om norsk matproduksjon skal utformast.
Mat skapar identitet
- Norsk mat er ein viktig del av vår identitet, sa Anne Elisabeth Hopen.
Ho la vekt på at matvanane våre både gjenspeglar individuelle, kulturelle og religiøse val. Hopen bruka julehøgtida som eksempel og peika på at vestlendingen vil ha matretten pinnekjøtt på julekvelden.
Studenten tok også fram viktigheita av å kjenne til norsk mattradisjon og norsk matkultur i møte med andre kulturar.
- Me lever i eit fleirkulturelt samfunn, og elevane våre har ulik kulturell bakgrunn.
- Faget mat og helse er ein fin arena for barna til å lære om andre kulturar. Her kan elevar med fleirkulturell bakgrunn lære om norsk matkultur og samtidig kan desse elevane formidle sin matkultur til sine medelevar.
Uttrykk for gjestfrihet
Anne Elisabeth trekte også fram det sosiale aspektet ved norsk matkultur og norsk mattradisjon.
- Å lage mat til andre er eit uttrykk for omsorg, vennskap og gjestfrihet.
- Gjennom å lage mat og samarbeide om å lage eit måltid får elevane utvikla sin sosiale kompetanse, sa Anne Elisabeth.
Stolt over norsk mat?
- For å vere stolt over vår norske matkultur må ein ha kunnskap, sa Anne Beth Tysseland til landbruksministeren. Ho peika på at nøkkelen til stoltheit over norsk mat ligg i å gi kunnskap til den oppvoksande generasjon.
- Barna må få lære om norske råvarer, me må vise dei korleis maten blir til i Norge og dei må få vite om både lokale og nasjonale mattradisjonar, sa studenten.
Tysseland la stor vekt på at skulen treng gode faglærarar om barna skal få den kunnskapen dei har krav på.
- Det trengs gode og engasjerte faglærarar for å skape bevisste og stolte matborgarar i Noreg, sa Tysseland.
Glad for utfordringa
Også høgskolelektor Inger Nygaard var tilstades på folkemøtet for å lytte til innspela frå studentane. Ho syntes studentane gjorde ein god jobb.
Kva betyr det for ditt fagområde at landbruksministeren tar kontakt og ber om råd?
- Eg synes det er heilt strålande at ministeren tar kontakt og utfordrar oss til å komme med vårt perspektiv på norsk matkultur, seier Nygaard. - Det er stor mangel på denne fagkunnskapen i skulen i dag.
Nygaard skulle gjerne sett at det vart stilte strengare krav til lærarane som skal undervise i faget Mat og helse.
Sist endret: 24.04.2009

