11.08.2009
Er blogg eit godt læringsverktøy i skulen?
![]() |
| Jon Hoem disputerer fredag 21. august ved NTNU. Foto: Mauricio Pavez |
Korleis kan personleg publisering nyttast i samband med læring og utdanning? Jon Hoem ved Høgskolen i Bergen har forska på bruken av blogg i skulen, og disputerer fredag 21. august ved NTNU.
Disputasen finn stad i Auditorium D3 Dragvoll (bygg 2, nivå 3).
I si avhandling "Personal Publishing Environments" argumenterar forskaren for at ulike aspekt av "openheit" i internettmedia er vesentlege for den framtidige utviklinga og bruken av personleg publisering i skulen.
Hovudfokuset i avhandlinga er på design og bruk av læringsmiljø basert på konsept kjent frå weblogger.
I eit vidare perspektiv presenterer avhandlinga eit omgrepsapparat som kan brukast til å beskrive dei personlege publiseringsprosessane.
Sosiokulturelt perspektiv
Innfallsvinkelen til personleg publisering er knytt til eit sosiokulturelt perspektiv, og store delar av avhandlinga er skriven i samband med utviklinga og bruken av eLogg.
eLogg er eit personleg læringsmiljø utvikla av Mediesenteret ved Høgskolen Bergen gjennom eit forskings- og utviklingsprosjekt i perioden 2004-05. eLogg vart nytta i enkelte grunnskular i Bergen, og bruken av eLogg er det viktigaste case-studiet i avhandlinga.
”Openheit” og personleg publisering
Avhandlinga argumenterer for at ulike aspekt av "openheit" i internettmedia er vesentlege for både den historiske forståinga og den framtidige utviklinga og bruken av personleg publisering.
Ulike aspekt av openheit knytt til artefakter laga for kommunikasjonsformål blir diskuterte med referanse til ein kommunikasjonsmodell med ni kommunikasjonsmønster. Modellen blir presentert og brukt til å diskutere og analysere openheit i publiseringssystem.
Treng meir brukarorienterte teknologiar
Styrkane og svakheitene ved eksisterande virtuelle læringsmiljø blir omtalt generelt. Det blir argumentert for at dei mest brukte læringssystema (LMSer) i stor grad er utvikla for å imøtekomme behova til administratorar, snarare enn behova til lærarar og elevar.
Meir brukarorienterte teknologiar, ofte skildra som "web 2.0", kan hjelpe brukarane med å utvikle nyttige læringstaktikkar. Denne diskusjonen blir etterfølgt av grunngjeving for design og utvikling av eLogg -eit system som vart utvikla med tanke på å gi brukarane større fridom.
eLogg er for lengst historie, men nokre av ideane som låg til grunn for utforming og bruk har blitt vidareført gjennom bruk av weblogger i eit av Mediesenteret sine nettstudiar (digitalfoto.hib.no).
Sist endret: 11.08.2009

