• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

18.09.2009

Skal auke kompetansen i skolen

Høgskolelektor Lene Bakke instruerer student i Mat og helse
Høgskolelektor Lene Bakke gir instruksjoner i mat og helse, ei av sju vidareutdanningar høgskolen har starta på oppdrag for Kunnskapsdepartementet. Foto: Marianne Mathiesen

Høgskolen i Bergen startar denne hausten opp sju vidareutdanningar på oppdrag for Kunnskapsdepartementet. Studia er ein del av departementet si satsing på å auke lærarkompetansen i skolen.

Det er igangsetjing av eit nytt system for vidareutdanning som vert prøvd ut med desse vidareutdanningane. 

- Dette er spanande arbeid for høgskolen, kommunane, fylkeskommunane som har samarbeidd om organiseringa, og ikkje minst for lærarane som skal i gang med studia, seier dekan ved avdeling for lærarutdanning, Bjørg Kristin Selvik.

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Jørgen Nicolaysen, fortel at endringar i kompetanseforskrifta og manglande fagfordjupingar i mange fag, ligg til grunn for satsinga.

- Føremålet er at dette skal bli eit varig system for å auke lærarkompetansen i skolen, seier han. Satsinga skjer også i samband med departementet si satsing GNIST, som skal tiltrekkje fleire studentar til læraryrket.

Studentar frå heile landet

Studentane kjem frå heile landet, og om lag 130 av dei 1100 som har fått plass på det nasjonale tilbodet får Høgskolen i Bergen som sin studiestad. Høgskolen startar sju vidareutdanningar i samband med satsinga "Kompetanse for kvalitet".

Studia er organisert som nettkurs med samlingar, og Bergen blir difor berre studiestad når studentane har samlingar. Det byr på utfordringar, ikkje minst for praktiske fag som mat og helse.

- Me legg vekt på det praktiske under samlingane, og så skal studentane gjennomføre arbeidsoppgåver på skolenes kjøken saman med elevane mellom samlingane, fortel høgskolelektor Asle Holthe.

Han er glad for denne satsinga, då mat og helse er eit av faga med svak formell lærerkompetanse.

Byvandring med omvisning på lepramuseet

Studentane skal berre bo i Bergen under studiesamlingane, og då kan det vere kjekt med omvising frå ein profesjonell byvandrar. Her fortel Egil Ertresvaag om lepramuseet. Foto: Marianne Mathiesen

 

Behov for kompetansen

På høgskolen sitt kjøken står 13 studentar og får utvida repertoar og gode matlagingsteknikkar.

- Felles for alle her på Mat og helse er at me undervis i eit fag me ikkje har formell kompetanse i. Det kjennest godt å no få dette, fortel Heidi Dølbakken frå Elverum kommune.

Ho får dessutan redusert stilling for å ta studiet, noko som gjer ein ekstra motivasjon.

Hanne Rimala Herfjord frå Verdalen kommune forteller at ho har tatt nettundervisning før, og synest det er ein kjekk måte å lære på. - Utfordringa her er jo at det er et praktisk fag, men då er det kjærkome å kome hit og få inspirasjon, seier ho.

- Det har vore ei utfordring å organisere dette med alle partane som er involverte. Det er ei lette å sjå studia i gang og me håpar at studentane vil få eit godt utbytte. Om departementet no vil halde fram med dette, skal me vere klar for nye studentar, seier prosjektkoordinator for lærarutdanninga, Hedvig Rørvik.

Marianne Mathiesen

Sist endret:  18.09.2009