02.02.2009
Elevar gjer pionerarbeid
![]() |
Elevar ved Skranevatnet skole har gjort pionerarbeid på si eiga lokalhistorie. F.v: Jacob Momend, Kristoffer Veddeng Edvardsen og Fredrik Broch Elgaaen. Foto: Mauricio Pavez. |
Kva var Sandsli før det vart bustad- og næringsområde? Ingenting, svara elevane ved Skranevatnet skole. No har dei lært noko anna, og til og med gjort pionerarbeid på si eiga lokalhistorie.
Elevane ved Skranevatnet skole i Bergen er med i prosjektet 'Vestlandets historie ut i skolen'.
Pilotprosjektet har som mål å la elevar i grunn- og vidaregåande skule lære meir om si eiga lokalhistorie, og om Vestlandet som region.
I tillegg skal den nye kunnskapen formidlast digitalt gjennom blogg, googlemaps, film og powerpoint presentasjonar .
Til saman 12 skular frå Hordaland og Sogn og Fjordane er med i prosjektet som Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon ved Høgskolen i Bergen leier.
Enormt engasjement frå elevane
10. klassingane ved Skranevatnet skole har jobba med prosjektet ”Frå melkerampe til oljeplattform”. Oppgåva deira har vore å dokumentere den historiske utviklinga frå jordbrukssamfunn til kunnskapssamfunn.
– Eg har aldri sett så engasjerte elevar i eit prosjektarbeid før, seier lærar Lisbeth Veddeng . Ho opplevde at 72 elevar tente på idèen om å forske på si eiga historie.
- Det er dei to mest fantastiske vekene eg har hatt som lærar, seier Veddeng, om prosjektperioden.
![]() |
| Ein elev leiter i gamle arkiv for å finne informasjon om utbygginga av Sandsli-området. Foto: Mauricio Pavez. |
Grunneigarar og tomteselskap
Lisbeth Veddeng og kollega Bjarte Laukeland gjorde eit omfattande forarbeid i å finne fram til kjeldene som elevane skulle forske på.
Både grunneigare, Bergen tomteselskap, StatoilHydro og politikarar vart kontakta.
Enkelte kjelder kunne gi informasjon om Sandsli-området heilt tilbake til 1600-talet.
Deretter vart elevane inviterte inn i prosjektet, og ei rekke problemstillingar vart fordelte mellom elevane, som blant anna skulle undersøke:
- Informasjon frå grunneigarane
- Innflytting – kven flytter til Sandsli i 1960, 1970, 1980, 1990, 2000
- Planlegging og utbygging av Sandsli
- Stadnamn
Elevar gjer pionerarbeid
I prosjektet måtte elevane sjølv kontakte primærkjeldene og dokumentere opplysningane dei fekk. Ved hjelp av digitale kamera, bandopptakar, penn og papir vart historier nedskrivne som til no ikkje har vore dokumenterte.
10. klassingane har med andre ord vore ekte forskarar, og kan vise til at dei har gjort pionerarbied på historia til Sandsli-området.
- Me ser at den nye kunnskapen som elevane har funne er med på å danne ein ny kunnskapsbase om Sandsli si historie, seier Veddeng.
- Dette er informasjon som heile lokalmiljøet vil ha nytte av. Både barnehagar og andre skular vil ha glede av den dokumentasjonen som 10. klassingane har kome med.
Utviklar heilskapleg kompetanse hos eleven
- Dette er å ta prosjektarbeidsmetoden på alvor, seier Veddeng. Ho fortel at elevane var med på å utforme problemstillingar, og at dei sjølv gjekk til primærkjeldene for å få informasjon. Lærarane fungerte som rettleiarar.
- Me opplevde at elevar fekk vist nye og andre sider av seg sjølv.
- Mange fekk synleggjort sin sosiale kompetanse, sine kommunkasjonsferdigheter og evne til å samhandle med framande. Me har sett kor viktige desse faktorane har vore for å kunne hente ut gode faglege resultat, seier Veddeng.
Erfaringar inn i lærarutdanninga
No ønskjer Høgskolen i Bergen å ta med seg erfaringane frå prosjektet tilbake til lærarutdanninga. Allereie til hausten kan lærarstudentar som tar faget samfunnsfag få undervisning om bruk av IKT i skulen.
Målet med pilotprosjektet ”Vestlandets historie ut i skolen” har vore at både skulane og utdanningsinstitusjonane skal dra vekslar på kvarandre gjennom prosjektet. Erfaringane frå prosjektet kan gi nye læringsmetodar og nye pedagogiske opplegg.
Høgskolen i Bergen, saman med Universitetet i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen Sogn og Fjordane representerer den faglege leiinga av dette prosjektet. Prosjektet er planlagd avslutta sommaren 2009.
Sparebanken Vest har finansiert det digitale skuleprosjektet. Også Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen løyver midlar til finansiering av prosjektet
Les meir:
Sist endret: 02.02.2009


