27.01.2010
Jordmorfaget på norsk
Den nye Jordmorboka er den første norske boka om jordmorfaget. – Boka har lenge vore etterspurt i fagmiljøet, seier redaktør Anne Brunstad.
- I tillegg til å vere skriven på norsk, er boka tilpassa norske forhold. Jordmorboka er difor unik i nasjonal samanheng, seier Anne Brunstad ved Høgskolen i Bergen.
Brunstad er saman med Eva Tegnander redaktør for boka, som består av kapitler skrivne av sentrale fagpersonar innan området i Noreg.
Målgruppa er primært studentar på jordmorutdanningane, noko som er heilt nytt.
- Fram til no har studentane i Norge kunnet velje mellom to bøker som er skrivne på engelsk. Studentane har etterspurt ei norsk fagbok, fortel Brunstad.
Dekkjer etterspurnad
I dag fins det fem jordmorutdanningar i landet. Brunstad veit at fleire enn studentane på Høgskolen i Bergen vil ta den nye Jordmorboka i bruk, og trur at den vil kunne dekkje ein etterspurnad etter denne faglitteraturen.
- Jordmorfaget er komplekst, og det er viktig at ein får inn grunnleggjande kunnskap for å forstå kompleksiteten i faget. Det vil denne boka gje studentane, seier Brunstad.
Boka er og aktuell for jordmødre som er ferdig utdanna og ynskjer å fordjupe seg i faget.
Breie fagområde
Boka avspeilar forholda i Noreg, både i kommunehelsetenesta og i spesialisthelsetenesta. Den tek føre seg dei breie fagområda ei jordmor må kunne, som kvinnehelse, svangerskap, ultralyd, fødsel og barsel.
I tillegg til grunnleggande kunnskapar om normale anatomiske og fysiologiske forhold som skjer i svangerskapet under fødselen og barseltida , vil ein få innsikt i komplikasjonar og avvik som kan oppstå.
Lanserast snart
Målet er at boka fører til refleksjon og kunnskapsbasert praksis, difor har den rikeleg med referansar slik at lesaren sjølv kan undersøkje kunnskapsgrunnlaget i boka.
Jordmorboka er no lagt ut for sal, og er gitt ut på Akribe forlag.
Høgskulen skal og ha sin eigen boklansering den 1. februar. Den finn stad i Møllendalsveien 6, klokka 13:30.
Sist endret: 29.01.2010
