• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

25.01.2010

Interessert i arbeid med eldre?

Den nye vidareutdanninga i eldreomsorg ved Høgskolen i Bergen skal gjere deg i stand til å ta i bruk brukarane sine eigne ressursar. Foto: Mauricio Pavez.

Arbeider du med eldre i kommunale helse- og omsorgstenester? No kan du styrkje den faglege kompetansen din ved å ta ei toårig vidareutdanning i eldreomsorg ved Høgskolen i Bergen. Studiet går over to år på deltid, og søknadsfristen er 1. mars.

Talet på eldre over 80 år blir fordobla dei neste 35 åra, og det blir mange fleire aldersdemente. Fleire eldre vil ha betre helse, utdanning og økonomi, og det vil bli fleire med minoritetsbakgrunn. Alt dette byr på nye utfordringar for dei som yter tenester til eldre.

– Målet med den nye vidareutdanninga er å styrke kompetansen om eldre og aldringsproblematikk hjå dei som yter tenester til eldre. Dette er viktig  for at vi skal kunne møte dei utfordringane vi står overfor i eldreomsorga framover, seier Jorunn Drageset og Olbjørg Skutle som har utarbeidd fagplan for utdanninga.

Eldre er ikkje ei einsarta gruppe

Den nye vidareutdanninga tek opp mange ulike sider ved omsorg og tenester for eldre menneske.

– Eldre har ulike behov, og er ikkje ei einsarta gruppe. Pasienten eller brukaren sine eigne ressursar og føresetnader er utgangspunktet for alle aktivitetar og fagområde, seier Drageset og Skutle.

Vidareutdanning i eldreomsorg
  • Startar hausten 2010
  • Toårig utdanning på deltid
  • Søknadsfrist 20. juni 2010
  • 60 studiepoeng
  • Ingen skulepengar
  • Opptakskrav: Treårig helse- eller sosialfaglig utdanning på bachelornivå
  • Meir om utdanninga

Dei faglege områda du vil få auka kompetanse om er:

  • akutt og kronisk sjuke eldre
  • demens
  • rehabilitering og førebygging
  • endrings- og utviklingsarbeid

Deltidsutdanning for mange faggrupper

Vidareutdanning i eldreomsorg går på deltid over to år, og er organisert med vekeslange samlingar på høgskolen.  Mellom samlingane blir det nettbasert arbeid med oppgåver og sjølvstudium.

Målgruppa for vidareutdanninga er helse- og sosialarbeidarar med utdanning på bachelornivå som jobbar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Utdanninga er tverrfagleg. Det vil seie at du vil møte studentar med ulik bakgrunn på studiet: Både ergoterapeutar, fysioterapeutar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar kan søkje plass på vidareutdanninga. Også andre med treårig utdanning i helse- og sosialfag kan søkje opptak.

Behov for meir kunnskap om eldreomsorg

Målfrid UtneDet er behov for meir kunnskap om kva som skiljer eldre pasientar frå andre, meiner avdelings-sjukepleiar Målfrid Utne.

Eldreomsorg er eit eige, stort fagområde som vi treng meir kunnskap om. Det å yte tenester til eldre skiljer seg ofte frå å arbeide med andre grupper.

Målfrid Utne er avdelingssjukepleiar ved Bråvolltunet sjukeheim i Kinsarvik i Ullensvang kommune. Ho har tatt til orde for ei vidareutdanning i eldreomsorg.

– Eldre pasientar kan til dømes ha mange ulike diagnosar på same tid, og mange har demensdiagnose eller kognitiv svikt. Vi treng meir kunnskap om dei grunnsjukdommane som er spesielle for eldre pasientar, meiner Utne.

– Ofte skal vi yte hjelp til personar som ikkje sjølv kan vurdere eigen helsetilstand eller ”krevje sin rett”, påpeiker Målfrid Utne.

Ho ønsker å lære meir om ikkje-medikamentell behandling, som miljøterapi eller andre tiltak ein kan ta i bruk.

–  Som leiar ser eg dessutan at det er mange ufaglærte, assistentar og vikarar i eldreomsorga, og få sjukepleiarar eller andre fagpersonar. Nokon må ha den faglege forankringa, og det håper eg at ei slik vidareutdanning vil gje kompetanse til, avsluttar avdelingssjukepleiaren.

Praksisnære problemstillingar

I løpet av studietida skal studentane fordjupe seg i eit fagområde, og skrive ei oppgåve om eit endrings- eller utviklingsarbeid med fokus på eldre. Oppgåva skal være relevant for praksisfeltet. Metode og vitskapsteori er også ein del av utdanninga.

Høgskolen har som målsetjing at vidareutdanninga på sikt kan inngå i ei mastergrad.

Åshild Nylund

Sist endret:  10.06.2010