• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

08.01.2010

Fag for framtida

Jon Hoem ved Mediesenteret tar bilde - Mange fotojournalistar vil lære videojournalistikk på grunn av den nye digitaliserte mediekvardagen, seier Jon Hoem ved Mediesenteret. (Foto:Mauricio Pavez)

Høgskolen i Bergen har fått tilskot frå Norgesuniversitetet til to nye prosjekt. Høgskulen skal starte eit studie i audiovisuell journalistikk og utvikle e-læring for etter- og vidareutdanning.

- Etterspurnaden blant fotojournalistar etter å lære videojournalistikk aukar, på grunn av den nye mediekvardagen. I dag må nettjournalistane ha kunnskapar om levande bilete, seier fagleg ansvarleg på Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen, Jon Hoem.

Studiet i audiovisuell journalistikk som enno er i planleggingsfasa, fekk nyleg eit tilskot på 560.000 NOK frå Norgesuniversitetet til dei to neste åra.

Prosjektet starta på bakgrunn av at mange som driv med formidling, blir påverka av ein stadig meir digitalisert jobbkvardag. Under omgrep som videojournalist utførar formidlaren stadig fleire oppgåver.

- I tillegg brukar journalistar sosiale media som blogg og Twitter i aukande grad enn før, og noko av undervisninga vil rette seg mot formidling i desse media, seier Hoem.

Nært jobbkvardag

Skiljet mellom foto- og videokamera er i ferd med å viskas ut, der mange nye kamera blir hybridar med gode videoeigenskapar.

- Tanken er at studentane skal bidra til eit nettmagasin så nært opp til ein relevant jobbkvardag som mogleg. Nettmagasinet skal ha ein redaksjon som set saman eit godt redaksjonelt produkt, seier Hoem.

Ein forventar å starte pilotprosjektet til hausten, og studiet skal vere i gang for fullt til neste år.

Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen samarbeidar med Høgskolen i Nord- Trøndelag og NTNU i prosjektet, og har det faglege ansvaret for studiet.

Mange kan ta utdanning medan dei er i arbeid.
Mange verksemder legg til rette for at tilsette skal kunne utvikle kompetansen sin ved siden av jobb. E-læring er difor eit godt tilbod. (Foto: Mauricio Pavez)

Utviklar e-læring

Det andre prosjektet høgskulen har fått støtte til er Digitalisering med utvikling av interaktive e-læringselementer i leiingsfag og innovasjon. Tilskotet er på heile 1,2 million NOK fram til 2012.

Målet er å utvikle eit digitalt etter- og vidareutdanningstilbod (EVU) til studiar og næringslivet. Prosjektet er eit samarbeid mellom næringsliv og fleire utdanningsinstitusjonar.

- For at høgskulen skal imøtekomme arbeidslivets ynskjer om fleksibilitet og nå ut til målgruppa vår som i aukande grad er nasjonal og internasjonal, er det viktig at studiane har meir e-læring. I denne utviklinga må ein betre kvaliteten på studiane, og utnytte høva ein har i e-læring, seier Kristin Reiso Lawther, leiar ved EVO- kontoret.

Høgskulen ved Avdeling for ingeniørutdanning leiar prosjektet, og spelar ein nøkkelrolle i evalueringa av læremidlane og EVU- kursa.

Studerar ved sidan av jobb

I prosjektet vil ein mellom anna utvikle nye digitale læringsressursar, som læringsvideoar, spill, case og verktøy. Desse skal produserast i samarbeid med aktuelle bedrifter og Mediesenteret.

Ein skal og finne beste praksis for å utvikle digitale læreressursar for EVU- tilbod. Samtidig skal ein finne ut korleis samspelet mellom høgskulane  og næringslivet skal utviklast når det gjeld EVU og livslang læring. 

- Vi opplev at offentlege verksemder og bedrifter støttar og legg til rette for at tilsette skal kunne utvikle kompetansen sin. Mange tilsette tar høgskulen sine fleksible etter- og vidareutdanningar, som i stor grad er nettbaserte med samlingar. Dei er lagt opp slik at ein skal kunne studere ved sidan av jobb, seier Lawther.

Frøy Katrine Myrhol

Sist endret:  14.01.2010