26.01.2010
Innovativ e-læring
Høgskolen i Bergen har fått 1,2 millionar frå Norgesuniversitetet til å utvikle interaktive e-læringselement i leiingsfag og innovasjon.
Tilskotet på 1,2 million NOK skal nyttast fram til 2012 til utvikling av eit digitalt etter- og vidareutdanningstilbod (EVU) i leiingsfag og innovasjon.
Prosjektet er eit samarbeid mellom næringsliv og fleire utdanningsinstitusjonar. Høgskulen ved Avdeling for ingeniørutdanning leiar prosjektet, og spelar ein nøkkelrolle i evalueringa av læremidlane og EVU-kursa.
Instituttleiar Mons E. Monstad ved Institutt for maskin- og marinfag er prosjktleiar, medan Mediesenteret og Senter for nyskaping medverkar.
Andre partar i samarbeidet er TQM Center Norway, Forbund for ledelse og teknikk, Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Telemark og Høgskulen i Buskerud. Frå næringslivet deltek mellom anna Aker Solutions, Jæger Automobil og Mindlab.
Skal sjå video og spele dataspel
I prosjektet vil ein mellom anna utvikle nye digitale læringsressursar, som læringsvideoar, spel, case og verktøy. Desse vert produsert i samarbeid med aktuelle bedrifter og Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen.
Ein skal og finne beste praksis for å utvikle digitale læreressursar for EVU- tilbod. Samtidig skal ein finne ut korleis samspelet mellom høgskulane og næringslivet skal utviklast når det gjeld EVU og livslang læring.
E-læring gir fleksibilitet
- For at høgskulen skal imøtekomme arbeidslivets ynskjer om fleksibilitet og nå ut til målgruppa vår som i aukande grad er nasjonal og internasjonal, er det viktig at studiane har meir e-læring. I denne utviklinga må ein betre kvaliteten på studiane, og utnytte høva ein har i e-læring, seier Kristin Reiso Lawther, leiar ved EVO-kontoret ved høgskulen.
- Vi opplever at offentlege verksemder og bedrifter støttar og legg til rette for at tilsette skal kunne utvikle kompetansen sin. Mange tilsette tar høgskulen sine fleksible etter- og vidareutdanningar, som i stor grad er nettbaserte med samlingar. Dei er lagt opp slik at ein skal kunne studere ved sidan av jobb, seier Lawther.
Sist endret: 26.01.2010
