• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

01.02.2010

Disputerer med diabetesforskning

Marjolein Iversen
Marjolein Iversen er høgskulelektor ved sjukepleierutdanninga på Høgskolen i Bergen.

Marjolein M. Iversen frå Høgskolen i Bergen disputerer for doktorgraden fredag 5. februar. Emnet i avhandlinga er diabetes og fotsår.

Marjolein M. Iversen disputerer med avhandlinga: “An epidemiologic study of diabetes-related foot ulcers. Issues related to prevention and mortality based on the Nord-Trøndelag Health Study (HUNT 2)” .

Målet med studia har vore å få kunnskap om personar med diabetes og fotsår som trengte meir enn tre veker på å gro.

I tillegg har Iversen undersøkt regelmessigheten i førebyggjande fotundersøkingar i diabetesomsorgen, samt psykisk helse og risiko for å døy.

Treng meir oppfølging

Trass i regelmessig diabetesoppfølging er det ikkje nok fokus på å førebyggje fotsår.

Studia viser at personer med diabetes som hadde hatt fotsår, har dobbel så stor risiko enn befolkninga elles for å døy. Dei har og 40 prosent større risiko for å døy enn personar med diabetes utan fotsår.

Ein bør difor organisere framtidig helseteneste slik at rutinar gir tidleg og tett klinisk oppfølging av denne pasientgruppa både i kommunehelsetenesta og sjukehus.

Fire artiklar

Doktorarbeidet består av fire artiklar publisert i internasjonale tidsskrifter, og er basert på datamateriale frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT2). Doktorarbeidet utgår frå Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen.

Hovedveiledar er professor Berit Rokne, med professor Kristian Midthjell, professor Grethe Tell og professor Monica W. Nortvedt som medveiledarar.

Tidspunkt og stad for prøveforelesninga:

04.02.2010, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Samhandlingsmodellar mellom primær- og spesialisthelsetenesta - kan dei betre kvaliteten i diabetesbehandlinga?"

Stad: Auditorium 2, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91.

Tidspunkt og stad for disputasen:

05.02.2010, kl. 10:30, Auditorium 2, Bygg for biologisk basalfag, Jonas Lies vei 91.

Frøy Katrine Myrhol

Sist endret:  01.02.2010