• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

06.04.2010

Gud som kvinne

Glassmaleri av kvinne som Gud
- Gud kan på ulike vis omtalast som kvinne. I dag er ikkje språket vidt nok til å inkludere den kvinnelege befolkninga, seier forskaren Marit Rong. (Foto: istock)

Forsking viser at skildringane av Gud i dei liturgiske tekstane er for maskuline for dagens samfunn. Løysinga er å bruke fleire kvinnelege metaforar om Gud. 

Ingen veit korleis Gud er eller ser ut, difor  er skildrande metaforar viktige i de liturgiske tekstane. På tida då tekstane vart skrivne, fekk ikkje kvinnene vere involverte i dette arbeidet. For dagens samfunn er omgrepa for maskuline, ifølgje ny forsking.

– Gud kan på ulike vis omtalast som kvinne. Det liturgiske språket må vere opent nok at alle menneskjer opplev liturgien som relevant for dei, og kan identifisere seg med den. I dag er ikkje språket vidt nok til å inkludere den kvinnelege befolkninga, meiner forskaren Marit RongAvdeling for lærerutdanning ved Høgskolen i Bergen.

Den norske kyrkje er no i gang med ein revisjon av gudstenesteliturgien. Rongs forsking omkring det liturgiske språket er eit ressursdokument for dette.

Usynleggjorte kvinner

Ifølgje Rong bør ein tilføye fleire kvinnelege metaforar i tekstane for å ha ein balanse til dei mannlege. I staden for det tradisjonelle ”Gud vår far”, bør ein til dømes bruke ”Gud vår far og mor”. Som eit tillegg til ”Den Heilage Ande”, kan ein bruke den kvinnelege metaforen for personifisert visdom, ”Sofia”.

– Kan ein ikkje bytte ut kjønnsmetaforane med nøytrale metaforar?

– Eg meiner det ikkje er ei løysing å avpersonifisere Gud. Sjølv om Gud ikkje har kjønn, kjenner ikkje mennesket til noko anna, så ein må bruke språket som er tilgjengeleg for å kunne nærme seg. Det nøytraliserte språket bidrar og til å usynleggjere kvinnene, seier Rong.

Forskaren meiner at det aldri vil vere mogeleg å uttrykke nøyaktig kven og kva Gud er, difor er det nødvendig å bruke alle dei metaforene om Gud som Bibelen stiller til rådvelde. Berre slik kan dei menneskelege førestellingane om Gud sprengjast. I dag er det språklege uttrykket om Gud for einspora.

Marit Rong
Marit Rong ved Avdeling for lærerutdanning på Høgskolen i Bergen har disputert med avhandlinga "Det liturgiske møte". (Foto: Frøy Katrine Myrhol)

Patriarkalske uttrykk

Det liturgiske språket har og mange patriarkalske uttrykk. Gud blir til dømes skildra som ”Herre” og ”konge”, der menneska er dei underordna. Kjernefamilien er og i fokus gjennom uttrykket ”Guds familie”. Gud har rolla som far, Jesus er son og menneska er sysken.

Rong meiner at desse skildringane blir for snevre, og at ein kan gjere bileta fyldigare ved å leggje til metaforar. 

– Kjernefamilien er faktisk ubibelsk sidan dei fleste levde i storfamiliar på Jesus si tid. Det manglar og ei mor i dette omgrepet, seier forskaren.

Trass i maskuline skildringar av Gud, er liturgien si omtale av menneska overraskande kjønnsnøytral, der dei til dømes kallast ”tenar” og ”sysken”.  

Låsast ikkje fast

I avhandlinga si har Rong mellom anna forska på kjønnsperspektivet i liturgiske tekstar for høgmessa i Den norske kyrkje.

– Språket om Gud har og ein aktualitet utanfor kyrkja. Den norske  kulturen er gjennomsyra av kyrkjeleg språk heilt inn i barnas lærebøker. Ved å ha eit rikt omfang av metaforar opnar ein for mange forskjellege bilete av Gud, og låser ikkje gudebiletet fast i tradisjonell tenking. Vi må difor våge å vidareutvikle språket, seier ho.

Bakgrunn:

Marit Rong disputerte med avhandlinga ”Det liturgiske møte” på Universitetet i Bergen i 2009. Avhandlinga er fleirfagleg, der teologiske spørsmål vert drøfta i lys av språkteori og kjønnsteori.

Frøy Katrine Myrhol

Sist endret:  13.10.2010