• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

17.03.2010

Med elevar som publikum

Musikkstudent Alexander Lund trakterer kontrabassen.
– Eg ser på musikk som ein sosial aktivitet, noko ein skapar saman. På musikklinja har vi tilgang på utstyr og lydstudio, og inngår i eit godt sosialt miljø, seier Alexander Lund. Foto: Marianne Mathiesen

På musikklinja har Alexander Lund (24) fått utvikle seg sjølv musikalsk, og må prestere framfor ein ny type publikum. – Som lærarstudent får eg utvikle fleire sider av meg sjølv. Her får eg sjanse til å drive med musikk, og har fleire jobbmoglegheiter etterpå, seier han.

– I musikktimane kan elever som slit i andre fag uttrykkje seg på andre måtar og kjenne meistring. Det er viktig, og kan bidra til å binde klassen tettare saman, meiner Alexander.

Han går no det tredje året på musikklinja ved Høgskolen i Bergen, som gir lærarkompetanse med fordjuping i musikk.

– Eg ser på musikk som ein sosial aktivitet, noko ein kan skape saman. Inndeling i klasser er her ein styrke. Ein kjenner folk godt etter kvart, og får moglegheit til å utvikle seg saman over tid. Du får også tilgang på lydstudio, det er greitt med utstyr og du kan booke rom på kveldstid.

Fleire jobbmoglegheiter

– Eg syntest musikklinja såg interessant ut, då eg ikkje var sikker på om eg ville leve av å vere frilansmusikar, og også har andre interesser enn musikk. Her får eg sjanse til å drive med musikk, og har fleire jobbmoglegheiter etterpå, seier Alexander.

Studenten framhever undervisinga og moglegheita til å reflektere over musikkfaget si rolle, som viktig for å bli en god musikklærar.

– Eit perspektiv eg har fått etter eg begynte her, er at det finst andre arenaer for musikkformidling enn den klassiske med eit publikum og ein scene og publikum. Ein kan skape musiske samanhengar utanfor denne, og det er interessant, seier Alexander. 

Fagleg fordjuping

Meir om utdanninga

Til hausten går startskotet for den nye grunnskulelærarutdanninga, og musikklinja blir delt i to. Høgskolen tek opp om lag 20 studentar på 1.-7 trinn, og 10-15 på 5.-10. trinn.

– Musikkfag er ein del av allmenndanninga, og det er viktig at dei som undervis i faget, har god fagleg kompetanse. No er det komen formelle krav om kompetansen vi har gitt studentane i over 50 år og det er positivt, seier leiar for musikkseksjonen, Njål Vindenes.

Høgskolen i Bergen har også master i musikkpedagogikk, med opptak anna kvart år, og musikkundervisning på førskolelærarutdanninga. For dei studentane som ynskjer meir fordjuping, er det med andre ord gode høve.

Spelar på andre strengar

På praksisbesøk i skolen har Alexander hatt med seg kontrabassen sin. Det er eit instrument som vekkjer oppsikt hos elevane.

– I ei klasse hadde øvingslæraren med seg el-gitar. Elevane var med på å lage eit konsertforedrag, der vi gjekk gjennom blues og jazz. Dette fenga elevane, som bidrog til oppsetjinga med å synge vers dei hadde laga i grupper, fortel Alexander.

Kva har du lært på musikklinja som du ikkje kunne frå før?

Personleg har eg lært mykje om samspel og ulike former for samspelsituasjonar. Trommesirkel er til dømes ei form eg har fått sansen for her. Alle kan slå på ei tromme, så ein treng ikkje bruke tid på å lære seg instrumentet, men kan fokusere på samspelet som bærande element, seier han.

Marianne Mathiesen

Sist endret:  23.03.2010