22.04.2010
Høgskulefilm til NRK
Egil Haugland har reist frå skogen i Sveio til gitarens heimland Spania på jakt etter den ultimate gitarklangen. Det har fanga NRK si interesse.
I 2006 reiste Haugland til Spania for å lære om gitarbygging frå meisteren sjølv, Jose Luis Romanillos.
Resultatet blei ein poetisk film som er ein kombinasjon av musikk, vakre bilete og handverk, som NRK no altså har kjøpt.
Frå den minste flis
Trygve Tollefsen på Avdeling for lærarutdanning tok initiativet til filmen i 2006, og har saman med Haugland utvikla filmprosjektet.
Tollefsen har filma i overkant av 20 timar av Hauglands ”jakt”, både i Spania og Noreg.
Haugland har bygd gitarar i ti år no, og dette var fjerde gongen han besøkte den spanske gitarbyggjaren.
- Gitaren er eit vanleg instrument som dei fleste har i stova si, men det er ikkje mange som veit korleis han blir til. I filmen følgjer vi gitaren frå den minste flis til eit ferdig instrument. Eg trur det er litt av årsaka til at filmen har fått så god respons, seier Haugland, som er førsteamanuensis på Avdeling for lærarutdanning.
Kvalitetsstempel
Det er Mediesenteret som har produsert filmen, i samarbeid med Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon. Leiar av Mediesenteret, Lisbeth Thomassen Larsen er svært nøgd med at filmen har blitt plukka opp av NRK.
- Det gjev filmen eit kvalitetsstempel, seier ho.
Larsen fortel at ein ikkje treng å vere særleg oppteken av gitarbygging eller musikk generelt for å like filmen.
- Det er sjølve forteljinga om å følgje ein draum som gjer filmen interessant, fortel ho.
Ei god kjensle
Haugland tykkjer det er utfordrande å forklare korleis den perfekte gitarklangen høyres ut, fordi det er ei subjektiv kjensle som må vere til stades, i tillegg til nokre objektive kriterium.
- Gitaren må ha eit godt volum og ein god balanse mellom dei ulike toneregistra - bass, mellomtone og diskant. I tillegg skal den kunne fungere i ulike konsertsalar, og gje deg ei god kjensle, forklarar han.
Tre frå garden
For å finne klangen som gjev den gode kjensla, held det ikkje alltid med gran frå Noreg.
Det beste trevirke er lettast å finne i alpintliggjande område, til dømes i Sveits eller Austerrike.
- Tre som skal brukast til dekorasjon derimot, det tek eg heime frå garden. Det skapar identitet, seier Haugland, som for tida arbeidar med gitar nummer 23.
Sist endret: 30.04.2010
