12.04.2010
Betre omsorg med teknologi
Eldrebølgja kjem allereie i år, og omsorgsteknologi kan vere med på å løyse dei aukande utfordringane for helsepersonale. På Høgskolen i Bergen jobbar forskarar og studentar med å utvikle nyskapande teknologi.
Omsorgsteknologi er eit omgrep for alt frå sporingsteknologi for eldre med demens, til støtteteknologi i heimen. Tanken er at den skal gjere jobbkvardagen lettare og tryggare for tilsette i helsesektoren, pasientar og pårørande.
Samarbeid mellom helsepersonale og ingeniørar er avgjerande for at omsorgsteknologi skal utviklast på beste måten. Brukaren må settast i sentrum når teknologien skal utviklast, der dei tilsette er viktige aktørar.
- Pleiarane kjenner problemstillingane på kroppen, og ingeniørane kan gjere kvardagen deira lettare. Mykje av teknologien er der allereie, ein har berre ikkje utnytta potensialet enno, seier professor Knut Øvsthus ved Avdeling for ingeniørutdanning på Høgskolen i Bergen.
Treng kompetansesenter
Høgskolen i Bergen inviterte direktør Tore Tennøe frå Teknologirådet til eit møte om omsorgsteknologi og e-helse saman med fagpersonar og leiinga ved høgskulen, Nyskapingsparken og ingeniørstudentar ved høgskulen.
- Frå 2010 til 2035 kjem Noreg til å oppleve eit auka behov for helsepersonale, medan det truleg vert mangel på relevant arbeidskraft . Vi treng difor å samle og heve kompetansen på omsorgsteknologi for å møte utfordringane. Kanskje Høgskolen i Bergen kan bli eit nasjonalt kompetansesenter, sa Tennøe under møtet.
Teknologirådet er eit uavhengig organ som skal vurdere sterke og mindre sterke sider ved ny teknologi, og gje råd til Stortinget. Korleis ein skal møte eldrebølgja er noko som opptar politikarane, spesielt sidan samhandlingsreforma snart vert vedtatt.
God opplæring
Ein reknar med at talet på 80-åringar vil fordoblast mellom 2020 og 2050. Kroniske sjukdommar, diabetes og demens aukar etter fylte 80 år. Omsorgsteknologi skal ikkje erstatte menneskeleg kontakt, men vere eit tilskot for tryggleiken til dei eldre.
- God opplæring av helsepersonale er avgjerande for å ta omsorgsteknologien i bruk, sa Øvsthus.
For at pleiarane skal bli vane med å bruke teknologien, er ikkje undervisning i klasserom tilstrekkeleg. Difor har Høgskolen i Bergen planar om å utvikle ein omsorgslabb, der tilsette i helsesektoren kan bli kjende med teknologien.
Involverer studentar
På Høgskolen i Bergen har studentar vore involverte i utvikling av omsorgsteknologi sidan 2006. Tre ingeniørstudentar er no i gang med å skape banebrytande teknologi som kan gjere kvardagen lettare for pasientar, pårørande og pleiarar.
- Vi har utvikla ideen til ein kroppsnær sensor, som mellom anna fungerer som ein tryggingsalarm til og med viss ein person er bevisstlaus. Så vidt vi veit, finst det ikkje ein liknande sensor i dag, fortel Stian H. Haug, som saman med Eirik Boland og Morten Aasbak har utvikla teknologien.
Sensoren er enno i idéfasen, og dei unge ingeniørstudentane er no i gang med å finne finansiering til prosjektet.
Høgskuledirektør Audun Rivedal oppsummerte møtet, og sa mellom anna at han vil gå til styret med Tennøes utfordring om Høgskolen i Bergen som eit nasjonalt kompetansesenter innanfor omsorgsteknologi.
Sist endret: 12.04.2010
