• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

30.08.2010

Utvidar samarbeidet med Kina

Professor Li Yining og rektor Eli Bergsvik tar kvarandre i hånda
Professor Li Yingning og rektor Eli Bergsvik signerte ein ny avtale mellom STA og Høgskolen i Bergen. (Foto: Frøy Katrine Myrhol)

Høgskolen i Bergen utvidar samarbeidet sitt med utdanningsinstitusjonar i Kina. Intensjonsavtalen med Shanghai Theatre Academy er revidert og utvida, og høgskolen jobbar med ei utviding for ECNU.

Under eit stort besøk med kinesiske delegasjonar frå East China Normal University (ECNU) og Shanghai Theatre Academy (STA) signerte høgskolen ein ny og utvida intensjonsavtale med STA.

Institusjonen er ein av berre to teaterutdanningar i Kina, og tilsvarar den norske Teaterhøgskolen. Høgskolen i Bergen og STA byrja å samarbeide i 2004, og har no tatt eitt offisielt steg vidare. 

– Institusjonane våre har mykje å lære frå kvarandre, og me vonar at samarbeidet med dykk held fram i mange år. Samarbeidet må utvikla seg i omfang både med omsyn til lærarutveksling, studentutveksling og forskingssamarbeid, sa rektor Eli Bergsvik til gjestane etter signeringa.

Set opp Jon Fosse

– Vi er veldig tilfredse med samarbeidet med Høgskolen i Bergen, og jobbar no framover mot ein avtale der vi kan utveksle studentar og tilsette ved institusjonane, seier professor Li Yingning på STA.

Kari Mjaaland Heggstad, Stig Eriksson og Aslaug Nyrnes på Avdeling for lærarutdanning reiser til Shanghai i oktober for å delta i eit symposium knytta til Jon Fosse sin dramatikk.

Oktoberseminaret arrangerast i samband med STA si premiere på Fosse sitt skodespel ”Nokon kjem til å koma”, og utgjevinga av seks av Fosse sine skodespel på kinesisk, "Teaterstykke 1", fortel leiar for pedagogisk drama i teaterutdanninga på STA, Jun Xu.

Fosse vil sjølv vere til stades ved premiera 26.oktober.

– Vi er stolte av å ha fått til dette samarbeidet, sidan STA har ein kunstnarleg kompetanse vi ikkje har på høgskolen. På same tid har vi ein kunstpedagogisk kompetanse dei kan dra nytte av, seier Eriksson.

Kinesiske gjestar frå ECNU
Høgskulen jobbar for å utvide samarbeidet sitt med forskarar frå East China Normal University. (Foto: Frøy Katrine Myrhol)

Studentar frå Kina

To kinesiske masterstudentar frå STA er på utveksling i Norge. Ei av dei er studenten Yang Xu, som går på teaterregissørlinja heime i Shanghai. Ho har starta på studiet i dramapedagogikk på Høgskulen i Bergen, noko dei ikkje har på skulen hennar.

– Det er første gong STA sender studentar til Noreg, og eg og Ge Huang på skodespelarlinja fekk sjansen til å kome hit. Å vere student i Noreg er annleis enn i Kina. På studia her har ein større ansvar for eiga læring gjennom varierte arbeidsformer, seier Xu.

Gjesteforskar på besøk

Den første intensjonsavtalen mellom Høgskolen i Bergen og ECNU vart signert i 2009.

Høgskolen i Bergen har eit samarbeid med College of Preschool and Special Education på ECNU, der den kinesiske gjesteforskaren He Min har vore på forskingsbesøk på høgskolen i 10 månadar gjennom forskingsprosjektet ”Barnehagen som danningsarena”.

Senter for utdanningsforsking er og i ferd med å utvide samarbeidet med sentrale og anerkjente skuleforskarar ved ECNU.

Frøy Katrine Myrhol

Sist endret:  30.08.2010