18.08.2010
Finn visjonen til høgskolen
For å delta i visjonskonkurransen må du senda inn forslaget ditt innan 1. september. (Foto: Mauricio Pavez)
Kva skal vere visjonen til Høgskolen i Bergen dei neste fem åra? No har du sjansen til å vere den som finn ordlyden til visjonen og vinn ein premie! Forslagsfrist er 1. september.
Før sommaren vart eit utkast til ny strategisk plan for perioden 2011-2016 sendt ut på intern høyring blant studentar og tilsette ved høgskolen. Det kom mange gode innspel til utkastet, og arbeidsgruppa som utarbeider den nye planen går no gjennom desse.
Høgskolen treng ein visjon som kan inspirera tilsette og studentar, og vise kva veg høgskolen skal gå den neste femårsperioden. Arbeidsgruppa ynskjer innspel for å finna fram til ei best mogleg formulering av visjon for høgskolen, og inviterer difor alle studentar og tilsette til å sende inn forslag.
Vinn premie
Visjonen i gjeldande strategiske plan er som følgjer: ”Høgskolen i Bergen – vegvisar til kunnskap, kultur og yrke”. Eitt forslag til ny visjon som har dukka opp i forbindelse med arbeidet med planen er ”Høgskolen i Bergen – ein verkstad for kunnskap og nytenking”. Kan du kome på noko betre? Kanskje du kan finne inspirasjon i utkastet til plan som vart sendt på høyring i mai?
Forslag til ny visjon kan du leggje inn på debattsida for ny strategisk plan innan 1. september. Det er arbeidsgruppa, og til sist høgskolestyret, som tek stilling til kva som skal vere visjonen til høgskolen. Det endelege resultatet vil vere klart når høgskolestyret har vedtatt ny strategisk plan 29. september. Brukte visjonsforslag vert premiert med gåvekort.
Sist endret: 10.06.2011
