• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

22.09.2010

Ein milepæl for nybygget

Statsråd Tora Aasland legg ned grunnsteinen
– No byrjar ein ny fase i høgskolen sin historie, sa statsråd Tora Aasland (Foto: Jon Hoem)

Statsråd Tora Aasland la ned grunnsteinen for nybygget til Høgskolen i Bergen, 16 år etter at vegen mot Kronstad starta.

– Dette er ein stor dag som vi har venta på lenge. Høgskolen i Bergen skal få kome heim og samlokaliserast på Kronstad. No byrjar ein ny fase i høgskolen sin historie, sa statsråd Tora Aasland frå Kunnskapsdepartementet (KD) under seremonien.

Prosessen for å få eit nytt høgskolebygg starta i 1994, og det har vore ein lang veg å gå. Startbevilgninga for å starte bygginga vart vedtatt seinast i fjor vinter.

Heldt fast på Kronstad

– Hjarteleg til lykke med dagen. Dette er ein viktig milepæl for Høgskolen i Bergen. Vegen mot Kronstad har vore lang, med mange opp-og nedturar. Eg er stolt over at høgskolestyret holdt fast på Kronstad-tomta, og ynskjer å takke alle interne og eksterne støttespelarar, sa rektor Eli Bergsvik.

Forutan statsråden, Storting og styringsverk nemnde ho særleg dei to tidlegare rektorane Kari Blom og Karl Olav Nummedal og tidlegare høgskoledirektør Nils Mæhle som har vist stor uthaldenheit over mange år for å få realisert prosjektet.

Sjå utdrag frå seremonien. (Video: Mediesenteret)

Felles identitet

Aasland la ned eit messingskrin innehaldande invitasjon og program for seremonien, teikningar av bygget, og fleire dokument om høgskolen frå året 2010.

Nybygget på Kronstad skal vere innflyttingsklart for tilsette i mai 2014, med studiestart for studentane same haust. I dag er Høgskolen i Bergen spredd på fem ulike studiested.

– Så vidt eg veit vil det vere første gong i Noreg at ein skal flytte ein heil høgskole på ein gong, frå mange studiestadar til ein campus. Sjølve bygget og det tekniske har fått mykje merksamd så langt, men vi må ikkje gløyme menneska som skal flytte inn. Høgskolen må arbeide godt med heile organisasjonen fram til vi tek bygget i bruk og utvikle ein felles identitet på Kronstad, sa høgskoledirektør Audun Rivedal.

Rektor Eli Bergsvik, statsråd Tora Aasland og direktør i Statsbygg
Seremonien fann sted inne i eit av dei gamle teglsteinsbygga på Kronstad. (Foto: Jon Hoem)

Dialog om nordtomta

Tomta på Kronstad er på 70 mål, der 40 mål skal brukast til nybygget. Ein håpar og å få regulert nordtomta på 30 mål til høgskoleformål.

– Kunnskapsdepartementet er i ein god dialog med Statsbygg om nordtomta. Det viktigaste no er å glede oss over grunnsteinnedlegginga, sa Aasland.

Statsbygg er byggherre for prosjektet på Kronstad.

– Høgskolen i Bergen kjem til å bli eit nytt landemerke i utdannings- og forskingsmiljøet, og eit naturleg samlingspunkt. Nybygget skal og ha ein god miljøprofil, noko Statsbygg er opptatt av, sa direktør Øivind Christoffersen.

Takka raudgrøn regjering

Under seremonien ga fylkesordføraren, representanten frå Fylkesmannen i Hordaland og leiar for Høgskolerådet sine gratulasjonar til høgskolen.

Leiar for Studentparlamentet, Øystein Fimland, takka KD og den raudgrøne regjeringa for å ha sikra byggestart på Kronstad.

– Dette er første skritt inn i framtida for Høgskolen i Bergen. Studiegrenda kjem til å vere til glede for studentane. På same tid er det viktig å planlegge neste stadium for at alle studentane skal ha plass, sa Fimland.

Sjå fleire bilete på bildebloggen frå Kronstad.

Frøy Katrine Myrhol

Sist endret:  22.09.2010