• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

02.09.2010

Prisdryss til nyutdanna ingeniørar

Erlend Wangsholm, Fridtjof Finsnes Henriksen og Sindre HåvikPrisen frå Kristofer Lehmkuhls Fond til Fremme av Norsk Næringsliv gjekk til kjemiingeniørane Sindre Håvik (f.v.), Fridtjof Finsnes Henriksen og Erlend Wangsholm. Foto: Nina Samnøy.

Tre prisar vart delt ut til nyutdanna ingeniørar frå Høgskolen i Bergen i august. Bak prisene står representantar for næringslivet i Bergen.

Prisene frå ABB, Frank Mohn AS og Kristofer Lehmkuhls Fond til Fremme av Norsk Næringsliv gjekk til dei beste bacheloroppgåvene som vart levert ved Avdeling for ingeniørutdanning, Høgskolen i Bergen, i vår.

De tre oppgåvene handlar om blanding av bensin, materialkvalitetar og grafiske modellar.

Blanding av bensin

Prisen frå Kristofer Lehmkuhls Fond til Fremme av Norsk Næringsliv gjekk til Erlend Wangsholm, Fridtjof Finsnes Henriksen og Sindre Håvik. På oppdrag frå Statoil Mongstad har dei tre kjemiingeniørane laga eit småskalaanlegg som svarer til bensinblandingsanlegget på Mongstad.

Kristofer Lehmkuhls Fond til Fremme av Norsk Næringsliv har lagt vekt på at arbeidet med denne bacheloroppgåva har vore svært krevjande og omfattande, og at studentane måtte beherske fleire ingeniørfaglege disipliner enn kjemi åleine. Både høgskolen og Statoil Mongstad vil få nytte av anlegget, som vil bli tatt i bruk til opplæring og forsking.

- Det har vore veldig kjekt å arbeide med denne oppgåva. Veldig krevjande, veldig lærerikt og veldig gøy, slår dei tre prismottakarane unisont fast.

André Augestad og Anders Jensen
Maskiningeniørane Anders Jensen (t.v.) og André Augestad (t.h.) fekk ein pris frå Frank Mohn AS. Foto: Nina Samnøy.

Meir om bacheloroppgåva til Wangsholm, Henriksen og Håvik.

Materialkvalitetar for sylinderdeksel

Maskiningeniørane André Augestad og Anders Jensen fekk prisen frå Frank Mohn AS. Prisen går til studentar som har vist særleg god innsikt og evne til kreativitet i arbeidet med bacheloroppgåva.

Augestad og Jensen har undersøkt to ulike materialkvalitetar for sylinderdeksel til store forbrenningsmotorar ved Rolls-Royce. Dei har kombinert styrke og varmeleding i ulike typar støypejern med støy- og dempekvalitetar i sylinderdekselet.

- Rolls-Royce vart godt nøgd med arbeidet vårt, og vil få nytte av det vi har gjort. Det er umåteleg flott å få gode tilbakemeldingar frå oppdragsgivar, og sjølvsagt også stort å få denne utmerkinga frå Frank Mohn AS, seier Augestad.

Stor verdi for vidare forsking

Jensen og Augestad har òg medverka til å byggje opp laboratoria ved Høgskolen i Bergen. Mykje av utstyret dei har nytta, har ikkje vore brukt ved høgskolen tidligare.

- Studentane har arbeidd på en vitskapelig måte, og har medverka til innføringa av nytt laboratorieutstyr innan motor- og materialteknologi. Arbeidet dei har lagt ned på labben vil få stor verdi for den vidare forskingsaktiviteten ved Institutt for maskin- og marinfag, seier instituttleiar Mons E. Monstad i ein kommentar.

Tomas Osland, Ludvig Tobias Lie Andersen og Henrik Lieng

Prisen frå ABB gjekk til dataingeniørane Ludvig Tobias Lie Andersen (f.v.), Tomas Osland og Henrik Lieng. Foto: Nina Samnøy.

Grafisk modellteknologi på høgt nivå

ABB-prisen vert delt ut til studentar som har vist initiativ, god innsikt og evne til problemløysing. Årets pris gjekk til dataingeniørane Tomas Osland, Ludvig Tobias Lie Andersen og Henrik Lieng for bacheloroppgåva ”Powerful GPU techniques for next generation vizualization engines”.

På oppdrag for Stormfjord AS har Osland, Lie Andersen og Lieng utvikla nye grafiske metodar og modeller som Stormfjord AS no tek i bruk i si eksisterande programvare.

- Dette er ikkje minst imponerande med tanke på at Stormfjord er leiande innan grafisk modellteknologi og Computer Aided Design (CAD), sa Tor Ove Lussand fra ABB då han overrekte prisen.

I bacheloroppgåva har datastudentane spesielt fokusert på punktskyar, funksjonelle lys-sprites og rendering ved bruk av refleksjonar i handsaming av bilete. Dei har arbeidd med avanserte algoritmar, teknikkar og verkty på eit høgt fagleg nivå.

Nina Samnøy

Sist endret:  01.09.2010