08.10.2010
Marit Graue fekk FoU-pris
Marit Graue fekk FoU-prisen på Høgskolen i Bergen grunna sin innsats for diabetesforsking. Høgskolen har og markert at 16 tilsette har fått kompetanseopprykk.
– Marit Graue har utmerka seg ved høg kvalitet i forsking, ved utvikling av forskingsgruppa DIABEST, og for si satsing på nordisk forskarutdanning i helsefagleg diabetesforsking, sa rektor Eli Bergsvik då ho delte ut årets FoU-pris.
Førsteamanuensis Marit Graue er tilsett ved Institutt for sjukepleie og Senter for kunnskapsbasert praksis.
– Diabetes er ein av våre folkesjukdommar, og mange vet ikkje at dei er sjuke. Vi har store moglegheiter for å redusere forekomsta av diabetes, men det er ei kjempeutfordring. Innan 2030 vil 430 millionar menneske ha fått diabetes, sa Graue.
– Det er naudsynt å handle, men utfordringa er korleis vi kan samarbeide. Vi treng eit felles løft i samfunnet, sa prisvinnaren i innlegget sitt.
Verdig vinnar
Graue har profilert Høgskolen i Bergen som forskingsinstitusjon gjennom ei rekkje publikasjonar i internasjonale tidsskrift, presentasjonar på nasjonale og internasjonale konferansar, i tillegg til populærvitskapleg forskingsformidling.
Ho har vist god samarbeidsånd og drive god nettverksbygging lokalt, regionalt og internasjonalt.
Nært praksisfeltet
Forskingsgruppa DIABEST har som hovudmål å bidra til kunnskapsutvikling, og lage eit større fokus på kva som trengs innan diabetesforsking.
– I dag er det for lite fokus på forsking av psykososial helse når det gjeld diabetes. Ein må og tenkte nytt og anvende ny teknologi, og få til eit felles løft i kommune- og spesialisthelsetenesta.
– Høgskolen i Bergen har god forsking med nærhet til praksisfeltet og praksisstudentane ute i helsevesenet. Vi er ute der brukarane er, og vi kan ta pulsen på nye prosjekt og kunnskap, sa Graue.
Markerte kompetanseopprykk
Høgskolen i Bergen markerte og kompetanseopprykk for 16 av sine tilsette sidan 2009. Dei har fått opprykk til stillingar som førsteamanuensis , førstelektor og professor, og aukar dimed forskingsstillingane ved høgskolen.
– Det er ei stor glede for meg å ynskje alle som har fått kompetanseopprykk til lukke. Det er eit flott resultat for Høgskolen i Bergen. Eg veit at det ligg mykje hardt arbeid bak opprykka. Noko som er gjennomgåande for forskinga på høgskolen er at den er samfunnsrelevant og profesjonsretta, sa Bergsvik under markeringa.
Av dei 16 har ein blitt professor, sju har avlagt doktorgrad og åtte har fått opprykk til førstelektor.
Sjå liste over alle som har fått opprykk.
Sist endret: 11.10.2010
