• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

25.10.2010

Jon Fosse på kinesisk

Skodespelarar frå den kinesiske oppsetninga
Skodespelarar frå den kinesiske oppsetninga av "Nokon kjem til å komme" 26. oktober i Shanghai. (Pressefoto)

Dramapedagogar frå Høgskolen i Bergen har introdusert teaterstykka til Jon Fosse i Kina. No settast stykket ”Nokon kjem til å komme” opp på kinesisk i Shanghai, for første gong.

Då førsteamanuensis Kari Mjaaland Heggstad presenterte stykket ”Jenta i sofaen” av Jon Fosse på Shanghai Theatre Academy (STA) i 2004, var det første gong eit av forfattaren sine stykke vart introdusert i fastlands-Kina. Stykket vakte stor interesse blant tilhøyrarane.

– Eg trur stykka hans treff noko universelt i menneska, på same tid som at dei er rotfesta i staden Fosse sjølv kjem frå.

– Han skriv om tema som er gjenkjennelege, og som handlar om menneskelege forhold, livet og døden – alt i ein heilt særprega form, der ord og ordløyse saman skapar meining og undring, seier Heggstad.

”Nokon kjem til å komme” har no premiere i Shanghai 26. oktober med kinesiske skodespelarar. Frå 30.-31. oktober skal det vere eit Fosse- seminar på STA som Høgskolen i Bergen delfinansierar og er medarrangør til. Jon Fosse tek sjølv turen til Shanghai for å delta på premiera.

Spent på premiera

I 2005 skreiv Heggstad ein introduksjonsartikkel om Fosse sine tekstar i den kinesiske journalen ”Theatre Arts”, der og ”Nokon kjem til å komme” vart publisert på kinesisk. Stykket var oversatt av lærar ved STA, Lulu Zou, som no gir ut eit samleverk med seks av Fosse sine skodespel på kinesisk.

Når ein oversetje eit stykke, er det ikkje berre språket som endrast, den kinesiske kulturen følgjer og med.

– Eg er veldig spent på premiera. Tidlegare har eg sett fleire stykke som er oversatt til kinesisk, mellom anna ” De nygifte” av Bjørnstjerne Bjørnson. Oppsettinga var emosjonell og kraftfull – i ein melodramatisk stil. Eg er spent på korleis dei tolker teksten, og kva stemning og stil dei veljer i ”Nokon kjem til å kome”. Vi er vand med den enkle forma, men det kan hende det blir noko heilt anna, seier Heggstad.

Bilete frå den kinesiske oppsetninga
- Eg er spent på korleis dei tolker teksten, og kva stemning og stil dei veljer i "Nokon kjem til å komme", seier Kari Mjaaland Heggstad. (Pressefoto)

Starta teaterpedagogisk linje

STA og Høgskolen i Bergen byrja å samarbeide i 2004. STA er ein av berre to teaterhøgskolar i Kina, med over 2000 elevar, og akademiet tilsvarar Teaterhøgskolen her heime.

Dramapedagogikk har ikkje vore kjent i det heile tatt i Kina. Men etter å ha blitt introdusert til fagretninga gjennom Høgskolen i Bergen, har STA etablert ei eiga teaterpedagogisk linje.

– Dei har tradisjonelt ei undervisningsform som er prega av lærarformidling og repetisjonar, og har vist stor interesse for å lære meir om drama og andre kunstfaglege læringsformar, seier Heggstad.

Saman med førsteamanuensis Stig Eriksson har ho undervist i dramapedagogikk på STA under tidlegare besøk, og har blant anna arrangert workhops knytt til skodespel av Ibsen og Fosse.

Les meir om Kina-samarbeida med STA og ECNU.

Frøy Katrine Myrhol

Sist endret:  27.10.2010