• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

05.10.2010

175 nye studieplassar i statsbudsjettet

Rektor Eli Bergsvik
Rektor Eli Bergsvik er nøgd med 175 nye studieplassar i statsbudsjettet. (Foto: Mauricio Pavez)

Høgskolen i Bergen har fått 175 nye studieplassar i statsbudsjettet for 2011. I tillegg har høgskolen fått ei samla løyving på 340 millionar kroner til utstyr i nybygget på Kronstad, 85 millionar kjem neste år.

Regjeringa lekka tidlegare i haust at høgskolen fekk 175 nye studieplassar i statsbudsjettet for 2011.

– Tildelinga vil gjere det lettare for Høgskolen i Bergen å realisere strategiane våre, utvikle fagprofilen vår og byggje kvalitet. Ekstra gledeleg er det at tyngda av dei tildelte plassane er i ein høgare løyvingskategori, seier rektor Eli Bergsvik.

Årets statsbudsjett har ein klar profil retta mot yngrebølgja, og er ei oppfølging av stortingsmeldinga om utdanningslinja. Høgskolen har fått eit godt grunnlag for å oppfylle samfunnsmandatet sitt, seier ho.

Ingen stipendiatplassar

Det er eit skår i gleda at høgskolen ikkje får nye stipendiatplassar i statsbudsjettet.

– Dette vil trengjast både for å utdanne dei som skal ta mot studentveksten i åra som kjem, og for å erstatte det generasjonsskiftet som vil komme i sektoren i tida framover, seier Bergsvik.

340 millionar til utstyr

Byggeløyvinga for Kronstad vert vidareført, og nytt i neste års budsjett er tildeling av startløyving for brukarutstyr. Den totale kostnadsramma på 340 millionar NOK skal fordelast over tre år. For 2011 er den første løyvinga på 85 millionar kroner.

– Byggefasen har starta på Kronstad, og vi er glade for at midlane til utstyret i nybygget no kjem, seier høgskoledirektør Audun Rivedal.

Ekstra midlar til grunnskolelærarutdanning

Høgskolen i Bergen hadde stor søkning til grunnskolelærarutdanninga som starta no i haust. Regjeringa foreslår at dei nye grunnskolelærarutdanningane får 16 000 kroner meir per studieplass.

– Studieplassane kjem opp i ein høgare finansieringskategori, noko som gjer at vi får eit større handlingsrom og kan vidareutvikle kvaliteten i utdanninga, seier Bergsvik.

Nybygget får 85 millioner i 2011

Nybygget på Kronstad får 85 millionar til utstyr i 2011. (Foto: Jon Hoem)

Gode resultat

Totalbudsjettet for Høgskolen i Bergen er 748,5 millionar NOK, som er om lag 60 millionar meir enn i fjor på grunnbudsjettet. I tillegg kjem utstyrsløyvinga til nybygget.

– Høgskolen får god utteljing på resultatsida både på studiegjennomføring og på forskingssida. Samla får høgskolen eit resultatbudsjett på om lag 16 millionar. Dette viser ein høgskole i god framdrift og som viser att i det nasjonale utdanningslandskapet, seier Rivedal.

– Ein liten og gledeleg detalj er at fordelinga av små driftsmidlar til forsking synest vere fordelt over grunnbudsjettet. Vi vil tru at dette no vil inngå som ei fast løyving for å stimulere forskinga ved høgskolen.

1000 nye studentboligar

I statsbudsjettet er det satt av midlar til 1000 nye studentboligar og ein sterkare satsing på studiestøtte for studentar med funksjonshemmingar.

– Fleire studentboligar er ei satsing som studentane har ønsket lenge, og det er positivt at regjeringa følgjer opp, seier leiar for Studentparlamentet, Øystein Fimland.

Regjeringa har imidlertid foreslått at stipendordninga no skal fordelast jamnt over 10 månadar.

– Eg kan ikkje forstå at stipendordninga for vanlege studentar no blir fordelt over 10 månadar slik regjeringa foreslår. Dette medfører ein mykje vanskelegare økonomisk situasjon ved starten av semesteret, seier Fimland.

Frøy Katrine Myrhol

Sist endret:  06.10.2010