09.05.2011
Studer HMS på deltid
Berit Bakke likar at HMS-studiet er lagt opp praktisk og anbefaler det for folk i jobb. – På studiet møter du folk frå alle moglege arbeidsplassar og det har vore innsiktsfullt å få høyre deira erfaringar, seier ho. (Foto: Marianne Mathiesen)Korleis påverkar ulike typar leiaråtferd trivselen hos dei tilsette? Dette spørsmålet fekk Berit Bakke utforske i prosjektoppgåva på HMS-studiet ho tek. – Du får rom til å utforske tema som er særleg interessante for deg, seier ho.
Berit Bakke er leiar for domprostia i Bergen og Laksevåg, med ansvar for dei tilsette i dei to prostia. Ho byrja i jobben i mars 2009, og hausten 2009 byrja ho på HMS-studiet.
– Det var tilfeldig. Eg har hatt leiarstillingar før, og hadde lyst å studere HMS. Eg søkte litt på nettet, og syntest dette tilbodet såg bra ut. Det var lett å kombinere med jobb, og prisen var ikkje så galen, fortel ho.
Kva leiarar vil dei tilsette ha?
I prosjektoppgåva intervjua Bakke og ein medstudent tilsette i bedriftene der dei sjølv jobbar, for å undersøkje kva ulike typar leiarstil har å seie for trivsel. Ho vart overraska over resultata.
– Det var tre ting som særleg skåra høgt: dei tilsette vil ha leiarar som kan ta avgjerder og vere tydelege, har sosiale antenner og evne til å inkludere.
– Å vere synleg og å gje medbestemming er typiske HMS-ord som får mykje merksemd i arbeidsmiljølova, men respondentene meinte at det ikkje var så viktig, fortel Bakke.
Ho presiserer at dette kan skuldast forvirring av omgrepa, sidan inkludering og medbestemming i nokre tilfelle kan tyde det same.
Studiemiljø og erfaringsutveksling
HMS er ikkje den viktigaste delen av ansvaret til Bakke, men ho har likevel hatt godt utbytte av studiet. Æra for det legg ho på gode forelesarar, og at du i stor grad kan velje kva tema du vil konsentrere deg om.
– Eg har òg sett på studiet som ei leiarutdanning og kan absolutt anbefale det for folk i jobb. Termen HMS kan vere hefta av ein assosiasjon mot lovar og reglar, men studiet er lagt opp praktis. Eg har fått nye idear og tankar, samstundes som eg har fått stadfesta ting eg allereie visste, fortel ho.
Å studere er visst noko av ein hobby for Bakke, som tek igjen for tapt studietid i vaksen alder.
– Eg kjem til å sakne studievennene no når eg er ferdig. På studiet møter du folk frå alle moglege arbeidsplassar, og det har vore innsiktsfullt å få høyre deira erfaringar. Du innser at verda stort sett er lik på alle arbeidsplassar, det er berre ulike menneske, seier ho.
Fekk ny jobb midt i studiet
| HMS – Helse, miljø og sikkerheit |
|---|
|
For Anita Njåstad baud HMS-studiet på nye moglegheiter etter ho fekk problem med ryggen. Ho er utdanna sjukepleiar, og har studert HMS som yrkesretta attføring.
– Eg byrja hausten 2010 og fekk jobb midt i studiet. No jobbar eg i Sunn HMS, som leverer HMS-tjenester til ulike kunder. Det er perfekt for meg, sidan eg trivst med å jobbe med folk, samstundes som eg slepp den fysisk krevjande biten, fortel ho.
Njaastad arbeider med HMS i kvardagen, og har heile tida sett at det ho har lært i studiet og det ho opplever på jobben heng saman.
– Vi har lært om arbeidsmiljølova, ulike rettar og pliktar hos både arbeidsgjevar og arbeidstakar, om leiing og kommunikasjon og om ulike verktøy vi kan bruke i kvardagen. No jobbar eg med førebygging av sjukdom, medan eg tidlegare jobba med akutt og kritisk sjuke, seier ho.
Valfridom og fleksibilitet
Studiet HMS-kultur og leiing er sett saman av fire frittståande modular. Studentane vel sjølve om dei vil ta alle fire, eller berre ei. Men for å ta prosjektoppgåva, må du ha teke dei tre andre.
– Ein kan velje rekkjefylgja sjølv, men vi anbefaler å starte med ”Kommunikasjon og læring”, sidan det gjev ei god innføring i mange av omgrepa vi brukar, fortel Eli Jorunn Rørlien, fagansvarleg for HMS-studiet og tilsett hos Falck Nutec AS.
Rørlien er sivilingeniør frå NTNU og har arbeidd med HMS sidan ho fekk sin fyrste jobb. Ho har arbeidd i alt frå det offentlege, via offshore til Arbeidstilsynet. Ho set pris på å få undervise, for det gjev ho tilgang på fagleg påfyll.
– Eg lærer heile tida. Dei aller fleste har arbeidserfaringar og vi får gode diskusjonar og døme frå kvardagen til dei enkelte. Det finst ingen fasitsvar, og mykje av poenget er å kunne reflektere rundt dei situasjonane du kjem i, og vere rusta til å møte dei, fortel ho.
Sist endret: 16.05.2011
