07.07.2011
Ettertrakta masterstudentar
For første gong uteksaminerer Høgskolen i Bergen 10 masterstudentar i masterstudiet Innovasjon, entreprenørskap og teknologiledelse. Kompetansen er så etterspurd i regionen at dei fleste studentane allereie har fått seg jobb.
- Me veit at åtte av ti studentar allereie har fått seg jobb, seier ein nøgd førsteamanuensis Tom Skauge. Han er ein av dei fagansvarlege for den nye mastergrada ved høgskulen.
Mastergrada er eit samarbeid mellom Høgskolen i Bergen og Universitetet i Oslo.
Gode leiarar for teknologibedrifter
- Studentane som no er uteksaminerte har fått eit godt grunnlag til å bli framtidas leiarar innan teknologi og innovasjon, seier Skauge.
Kva lærer studentane på studiet?
- I tillegg til å få meir inngåande kunnskap innan ingeniørfaget lærer dei også om organisasjon og leiing, marknadsføring, finansiering og strategi. Dette gir desse studentane ei unik breiddekompetanse samanlikna med andre ingeniørstudentar.
- Desse studentane har både ei god ingeniørbakgrunn og i tillegg har dei fått kompetanse på å vere ein leiar.
Gründerskole i Houston og praksis i bedrifter
Det som skil dette masterstudiet frå andre studiar er vektlegginga av praksisperiodar for studentane. I løpet av utdanninga har studentane to praksisperiodar.
Den eine perioden reiser studentane til Houston i USA på gründerskolen og får kompetanse på å starte opp si eiga bedrift.
Den andre praksisperioden er i Bergensregionen der studentane blir utplasserte i bedrifter i 6 veker. Studentane kan sjølve bestemme kva bedrift dei skal inn i og i praksisperioden blir dei sett til å arbeide med prosjektarbeid.
Korleis har studentane respondert på desse utplasseringane i bedrifter?
- Dei hadde stor nytte av erfaringane frå ulike føretak, sjølv om det var litt ulikskap mellom føretaka si evne til å trekke studentane med i prosjektarbeid.
Viktig med gode leiarar
- Me opplever at desse studentane er svært kompetente ingeniørstudentar som også har spesialisert seg på innovasjon, entrepenørskap og teknologiledelse, seier Tom Skauge.
Skauge trur bedriftene vil ha god nytte av studentane som ikkje berre har tatt ingeniørfag men som også har fått ei forståing av kva det vil seie å leie ei bedrift.
Les meir:
Sist endret: 18.07.2011
