• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

22.08.2011

Giske imponert over høgskulen

Trond Giske, Ruth Grung og studentar
Trond Giske vart imponert over å høyre kva desse studentane hadde å fortelje. Studentar f.v: Olof Nilsen, Monica Kolle og Lars Djupvik.Til høgre for Giske: Ruth Grung. Foto: Elin Hovda Hageberg.

Då næringsminister Trond Giske besøkte Høgskolen i Bergen måndag vart han  imponert over den tette kontakten høgskulen har med næringslivet. - Andre høgskular har noko å lære her, sa han, etter å ha møtt studentar og leiinga.

Det som imponerte Giske var blant anna høgskulen si satsing på ingeniørstudiet undervassteknologi.

Høgskolen i Bergen har gått saman med næringslivet innan undervassteknologi og etablert denne utdanninga.  

Det som er spesielt med utdanninga er at studiestaden er på Straume, og at utdanninga er kopla tett opp mot subsea-bedriftene i Fjell kommune.

Studentane er gjennom heile studietida tett knytt opp til bedriftene og dei  har også praksis i bedriftene gjennom studiet.

Fornøyde og ettertrakta studentar 

Trond Giske spurde studentane korleis dei opplever å studere undervassteknologi ved Høgskolen i Bergen.

Student Monica Kolle fortalde at ho set stor pris på den tette kontakten studentane har med bedriftene på Sotra. Ho fortalde også at ho set pris på å ha praksisopphald i bedrifter.

- Allereie første året fekk me komme ut i bedrifter og skru på ting, sa Kolle til ministeren. Ho fortalde vidare om sommarjobb i Statoil og at studentane opplevde at bedriftene oppsøkte dei.  

- Me opplever at bedriftene kjem til oss fordi dei er så nysgjerrige på utdanninga vår, sa Kolle. Ho kunne også fortelje at alle studentane som gjekk ut i vår har fått seg jobb eller starta på vidare studiar.  

Næringsministeren fekk også høyre om studentane sitt praksisopphald i Brasil. Under opphaldet fekk dei møte anerkjende internasjonale oljeselskap og knytt viktige kontaktar med tanke på framtidige jobbar.

Frå Sverige til Bergen

Student Olof Nilsen frå Skåne i Sverige fortalde næringsministeren at han valde å ta mastergrad i Innovasjon og entreprenørskap ved høgskulen på grunn av den tette koplinga til næringslivet.

- Eg søkte mastergrad ved Høgskolen i Bergen fordi eg her fekk tilbod om seks vekers praksis i ei bedrift, fortalde Nilsen. Han viste til at ingen mastergrader i Sverige har eit tilsvarande tilbod med  praksisopphald i bedrifter.

Regionen manglar sivilingeniørar Ole-Gunnar Søgnen, Trond Giske, Ruth Grung og Audun Rivedal

Rektor Ole-Gunnar Søgnen informerte Giske om høgskulen si satsing på sivilingeniørutdanning på Vestlandet.

Han fortalde at mangelen på ingeniørar med mastergrad er stor i regionen og at mange bedrifter etterspør denne kompetansen.

Søgnen fortalde også at denne satsinga ikkje vil konkurrere med andre sivilingeniørutdanningar i Norge fordi mangelen er så tydeleg innanfor regionen.

Rektor Ole-Gunnar Søgnen fortalde Giske om regionen sitt behov for sivilingeniørar. F.v: Rektor Ole-Gunnar Søgnen, næringsminister Trond Giske, fylkesvaraordførerkandidat Ruth Grung og høgskoledirektør Audun Rivedal. Foto: Elin Hovda Hageberg

Lange ventelister til forkurs til ingeniør

Næringsministeren vart også informert om samfunnsansvaret høgskulen tar ved å hjelpe mange ungdommar med å kvalifisere seg til ingeniørutdanninga.

Årleg tilbyr høgskulen 75 studieplasser til eit forkurs til ingeniørutdanninga. Kurset er eittårig og gir personar som manglar studiekompetanse og realfag grunnlag for opptak til ingeniørutdanning.

Rektor fortalde ministeren at det dette året var 820 søkjarar til 75 studieplassar. Søknaden til forkurset speglar også den enorme interessa i regionen for å studere ingeniørfag.

Bra at høgskulen tar ansvar

Etter besøket ved høgskulen oppsumerte næringsministeren møtet med å seie at han syntes det er bra at Høgskolen i Bergen tar ansvar innan ingeniørutdanning.

- I dag er det mangel på ingeniørar i Noreg, og behovet for å utdanne fleire til dette yrket er stort. Det er positivt at høgskulen tar ansvar her.

- Elles er det viktig at høgskulen satsar på subsea. Andre høgskular har noko å lære her med koplinga til næringslivet. Eg likar veldig godt koplinga til næringslivet, den er veldig bra, avslutta Giske.

Les meir:

Elin Hovda Hageberg

Sist endret:  23.08.2011