22.09.2011
Disputerer om haldningar til personar med demens
Sundaran Kada disputerer for phd-graden onsdag 28. september. Han har forska på legar og pleiepersonell sine haldningar til demente personar og kva dette har å seie for kvaliteten på demensomsorgen.
Talet på eldre vil auke kraftig i åra som kjem, og dermed vil også talet på personar med demens auke. Mange av desse vil ha behov for omsorg på sjukeheimar for kortare eller lengre tid.
Dette er bakteppet for Sundaran Kada si doktorgradsavhandling.
Han har forska på kva haldningar legar og pleiepersonell har til menneske med demens og kva dette har å seie for kvaliteten på dagens demensomsorg.
Legebesøket og livet på sjukeheimen
Forskingsarbeidet er basert på tre studiar der dei to første studiane ser på kvaliteten på legebesøket hos allmennpraktikaren og spesialisten. Den siste studien undersøker pleiepersonell sine haldningar til den demente pasienten på sjukeheimen.
Dei to første studiane baserer seg på 135 henvisningar frå allmennpraktikaren til spesialisten og på 135 svarbrev frå spesialisten til allmennpraktikaren frå 2002. Den siste studien byggjer på ei spørjeundersøking om haldningar til personar med demens hos pleiepersonalet ved 14 sjukeheimar og ei geriatrisk avdeling i Bergen.
Mangelfull legeundersøking
Den første studien undersøkte kvalitet og relevans på legen si henvising til spesialisten. Studien avdekkar at allmennpraktikarar har ulik praksis for kva undersøkingar som blir gjort ved mistanke om demens. Dermed får spesialisten mangelfull klinisk informasjon om pasienten han skal vurdere.
Informasjonen som manglar er blant anna sjukehistorie, hukommelsestestar, bildediagnostiske undersøkingar og blodprøvar.
Kva betyr funnet ditt i den første studien?
- Den viser blant anna at allmennpraktikarar ikkje er einige seg imellom om kva undersøkingar som skal utførast når ein får ein person til utredning ved mistanke om demens. Dette medfører at pasienten er prisgitt fastlegen sin i forhold til kva undersøkingar som blir gjort, eller ikkje gjort, under legebesøket, seier Sundaran Kada.
- Studien avdekkar også at ei ganske vanleg haldning blant allmennpraktikarane er at pasienten blir henvist til spesialisten utan at ein har gjennomført dei vanlege undersøkingane ved demensutredning, seier Sundaran Kada.
Ekstra belastning for pårørande
Kva konsekvensar får det for pasienten og pårørande at ikkje alle undersøkingar blir gjennomførte hos allmenpraktikaren?
- Det tar mykje lengre tid før menneske med mistanke om demens blir diagnostisert, og dette blir ei ekstra belastning på pårørande fordi det drar ut i tid før ein blir diagnostisert og innlagt.
- Dersom fleire allmenpraktikarar hadde gjort alle undersøkingane som Helsedirektoratet anbefaler hadde ikkje pasienten trengt å bli skriven vidare til spesialist.
Samanheng mellom utdanning og haldningar
I den tredje studien blir haldningane til demente blant pleiepersonalet på sjukeheimar undersøkt. Studien viser signifikante skilnadar i haldningar til demente pasientar mellom personalgrupper med ulik utdanningsbakgrunn. Det blir blant anna framheva at sjukepleiarar spesielt har generelt gode haldningar til personar med demens.
Betyr dette at utdanning påverkar haldningar blant pleiepersonalet?
- Ja, me fann at det var samsvar mellom pleiepersonalet sine haldningar og kunnskapsnivå. I undersøkinga som vart gjennomført svara både sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar utan helsefagleg bakgrunn på spørsmål.
- Funnet gir indikasjoner om at utdanning og opplysning vil kunne betre kvaliteten i omsorgen og kanskje generere betre haldningar, avsluttar Sundaran Kada.
Personalia
Sundaran Kada er fødd i India og er utdanna radiograf. Han er cand.san. (1997) med hovudfag frå Medisinsk og Psykologisk fakultet UiB. Han har tidlegare vore tilsett som radiograf ved Haukeland Universitetssjukehus og arbeider no som høgskolelektor ved Høgskolen i Bergen. Avhandlinga utgår frå Institutt for samfunnsmedisinske fag, UiB.
Disputasen
Både prøveførelesing og disputas blir holdt onsdag 28. september i Storauditorium på Haukeland Universitetssjukehus.
Prøveførelesinga startar kl.10:15 og temaet er: "Kan nasjonale veiledere om diagnostikk og kartlegging av demens bidra til bedre demensomsorg?"
Disputasen startar kl.11:30 same stad.
Les meir:
Sist endret: 20.09.2011
