• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

12.09.2011

Gir studentane eit løft

Vinnere fra Institutt for data- og realfag– Heile målet og meiningen med jobben vår er å hjelpe studentane, seier Lars-Petter Helland (f.v.), Sven-Olai Høyland og Harald Soleim ved Institutt for data- og realfag.

I år deler to miljø ved Avdeling for ingeniørutdanning Læringsmiljøprisen ved Høgskolen i Bergen. Felles for begge vinnarane, er at dei aktivt oppsøkjer studentar og tilbyr dei rettleiing.

– Alle her på høgskolen vil studentane vel, og ønskjer at dei skal lukkast. Det er grunntanken som gjennomsyrer alt vi gjer, seier Henning Norheim i studieadministrasjonen ved Avdeling for ingeniørutdanning.

Saman med Gro Sælemyr og Håvard Moe Hagen fekk Norheim i august Læringsmiljøprisen 2011. Den andre halvdelen av Læringsmiljøprisen 2011 gjekk til Sven-Olai Høyland, Harald Soleim og Lars-Petter Helland, som alle underviser ved Institutt for data- og realfag.

Studenten veit best

Dei tre siste åra har førstekonsulent Håvard Moe Hagen, seniorkonsulent Gro Sælemyr og rådgjevar Henning Norheim gitt tilbod om førebyggjande rettleiing til utvalte klasser ved avdelinga.

– Vi starta forsiktig med ein klasse i 2009, og har utvida til tre klasser i både 2010 og 2011. Ideelt sett skulle vi sjølvsagt helst nådd ut til alle. Det vi tilbyr er ein individuell samtale på 45 minuttar i studentane sitt andre semester. Det er viktig at det er nettopp i dette semesteret, for då har studentane hatt sine første eksamenar og gjort seg nokre erfaringar, forklarer Norheim.

Utgangspunktet for samtalen er fyrst og fremst kva studentane er gode på. Men målsetjinga er at dei på sikt skal oppnå endå betre resultat.

– Vi stiller dei same spørsmåla til alle. Det er skalaspørsmål der studenten skal plassere sine egne erfaringar på ein skala frå ein til ti. Deretter spør vi studenten kva som skal til for at han eller ho skal klatre ytterligare på skalaen. Det er ei løysningsorientert tilnærming som handlar om å gjere studenten meir bevisst på kva som skal til for å heve seg endå nokre hakk, utdjupar Gro Sælemyr.

– Eit viktig grunnprinsipp i denne metoden, er at det er studenten sjølv som sit på svara, ikkje vi. Vi analyserer ikkje, og gir ikkje råd. Vår jobb er å stille dei rette spørsmåla, men svara har vi ikkje. Vi er overtydd om at det har størst effekt om studentane sjølve kjem fram til kva som skal til, seier Håvard Moe Hagen.

Foreslår kollektive endringar

Etter samtalane går dei tre studierettleiarane gjennom fellestrekk og tendensar som har kome fram i den einskilde klassen. Konkrete forslag til endringar av fagleg eller sosial karakter blir gitt instituttleiinga og også presentert i klassen. Til slutt svarer dessutan studentane på ei digital spørjeundersøking.

Henning Norheim, Gro Sælemyr og Håvard Moe Hagen
– Det er studenten sjølv som sit på svara, ikkje vi. Vår jobb er å stille dei rette spørsmåla, seier Henning Norheim (f.v.), Gro Sælemyr og Håvard Moe Hagen i studieadministrasjonen ved Avdeling for ingeniørutdanning.

– Dette er ein metode som vi opplever at studentane har stort utbytte av, men som òg krev store ressursar. For studieadministrasjonen er det ei ekstraoppgåve som ofte kan vere litt usynleg, og difor kjennast det veldig godt å få Læringsmiljøprisen. Vi ser på det som ein pris som ikkje berre går til oss tre som utfører rettleiinga, men som går til heile administrasjonen som støttar opp om prosjektet på andre måtar. Eg vil spesielt trekkje fram Merete Sviggum som ein viktig initiativtakar og støttespelar, understrekar Henning Norheim.

– Det handlar om å sjå studentane

Læringsmiljøprisen 2011 blei delt mellom to miljø. Ved Institutt for data- og realfag fekk førsteamanuensis Sven-Olai Høyland, høgskolelektor Harald Soleim og høgskolelektor Lars-Petter Helland prisen for sin tette oppfølging av studentane.

– Det er heilt normalt at ein del studentar slit litt i starten av eit studium. Ved datautdanningane ser vi at programmeringsfaga kan vere ei utfordring for enkelte. Difor følgjer vi ekstra godt med i starten og ser om det er nokon som kan trengje ei lita handsreking. Det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome seg over terskelen og blir tryggare fagleg, seier Harald Soleim.

Soleim, Høyland og Helland følgjer nøye med på kven som ikkje leverer inn obligatoriske øvingar og kven som ikkje kjem på førelesningar. Halvvegs i det første semesteret har dei òg ei kartleggingsprøve som gir ein pekepinn på korleis studentane ligg an fagleg.

– Det handlar om å sjå studentane. Viss vi for eksempel legg merke til at ein student er aktiv på itslearning, men ikkje leverer inn øvingar, kan det være eit signal om at studenten sliter fagleg. Då tek vi kontakt og tilbyr rettleiing. Eg har ennå ikkje opplevd at ein student tar det ille opp å bli kontakta på denne måten. Mange kan vegre seg for å ta den fyrste kontakten sjølv, men når kontakten først er oppretta, ser vi at mange tar kontakt med oss igjen både ein og to gonger, fortel Soleim.

Kjensla av å høyre til

Soleim og kollegaene står òg bak tiltak som kjem heile klassen til gode. Berre ein uke ut i fyrste semester inviterer dei til installasjonsparty, der studentar i høgare klassetrinn hjelper nykomlingane å installere programvare.

– Vi ser gjerne at dei eldre studentane er rollemodellar for dei nye. Dessutan er studentane sjølv det viktigaste elementet i eit godt læringsmiljø, framhevar Sven-Olai Høyland.

Lars-Petter Helland er samd i at studentane har eit ansvar både for eiga læring og for fellesskapet.

– Mange trur kanskje at dei lærer best om dei sit åleine, men slik er det sjeldan. Min oppmoding er at ein ikkje held seg for seg sjølv, men deltar både fagleg og sosialt i klassemiljøet. Kjensla av å høyre til i ein gruppe er viktig, og berre ein detalj som at klassen har eit fast klasserom kan vere heilt avgjerande for fellesskapet. Det skal kanskje ikkje meir til, meiner Helland.

Harald Soleim har òg eit råd til studentane:

– Eg seier til studentane at etterarbeidet er viktigare enn forarbeidet til førelesninga. Sit på skulen etterpå og jobb med faget, gjerne i klasserommet saman med andre i klassen. Og nøl ikkje med å spørje andre om hjelp, enten det er ein annen student eller ein som jobbar på høgskulen.

– Heile målet og meiningen med jobben vår er å hjelpe studentane, og vi gler oss over å sjå den faglege utviklinga. I byrjinga kan mange vere usikre og famlande, men når dei går ut herfrå tre år seinare er dei sjølvsikre. Det er fint å sjå, seier Soleim.

– Ta kontakt

Alle prisvinnarane oppmodar studentane til å ta kontakt med dei.

– Finn ut kor lærarane har kontor, og bank på døra. Du kan spørje om alt mogeleg av fagleg art, og også om til dømes samansetjing av studentgrupper eller heilt andre ting, oppmodar Soleim.

Henning Norheim i studieadministrasjonen seier det slik:

– Hos oss er det den opne dørs politikk. Er døra mi open, er eg ledig. Det er ikkje naudsynt å tinga tid hos oss i forkant.

Nina Samnøy

Sist endret:  06.09.2011