• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

29.09.2011

20 år med sosionomutdanning

Sosionomutdanninga, Haugeveien 28 på Nordnes
Sosionomutdaninnga markerer 20-års jubileum fredag 30.september.

Fredag 30. september markerer Høgskolen i Bergen at det er 20 år sidan sosionomutdanninga starta opp. Jubileet vert markert med eit seminar som ser på kva utfordringar sosionomyrket står overfor i dag.

Seminaret tar opp temaet:
”Endring i velferdstenestene - konsekvensar for utdanningsinstitusjonane”.

For å få belyst temaet er helse- og sosialsjef i Samnanger, Thore Austnes og etatssjef for psykisk helse og rus i Bergen kommune, Anne Loennechen, inviterte til å fortelje om sine forventningar til morgondagens sosionomar.  

Seminaret ser også på korleis utdanninga har endra seg dei siste 20 åra, og på korleis forsking har blitt integrert i utdanninga.  

Kva har skjedd sidan 1991?

Utdanningsleiar Gunnlaug Miljeteig fortel at i 1991 var sosionomutdanninga ein del av Bergen helse- og sosialhøgskole, og at det på den tida var utdanning som stod i fokus.

Fram til i dag har det føregått ei kompetanseoppbygging blant tilsette til høgskolelektor, førstelektor, førsteamanuensis og professor og dette har ført til ei auka vekt på forsking og forskingsbasert undervisning.

- Vi legg framleis stor vekt på praksisstudiar og har halde på ordninga med 2 praksisperiodar, for at studentane skal få ferdighetstrening, seier Miljeteig.

- Når det gjeld internasjonalisering har også dette utvikla seg gradvis i denne perioden, både gjennom tilbod om praksis i utlandet og undervisningsemne på engelsk.

Eit anna viktig element i sosionomutdanninga si utvikling er etableringa av Bergen uavhengige studentrådgiving (BUS) som vart etablert i 1998. Her driv studentane ei gratis rådgivingsteneste 4 ettermiddagar i veka, og interne lærarar og eksterne fagpersonar er rettleiarar for studentane.

Store reformar utfordrar sosionomyrket

Kva utfordringar står dagens sosionom overfor samanlikna med tidlegare?

- Vi må forhalda oss til store endringar i velferdstenesta. Dei siste åra har vi både hatt NAV-reforma og omorganisering av barnevernet ved opprettinga av Bufetat.

- I tillegg kjem Samhandlingsreforma som legg vekt på auka tverrfagleg samarbeid i helse- og sosiale tenester i kommunane. Dette er utfordringane våre sosionomar møter når dei er ferdig utdanna, seier Gunnlaug Miljeteig.

- Når det gjeld NAV-reforma har vi samarbeid med NAV stat for å få fleire praksisplassar og på sikt få fleire sosionomar inn i arbeidsområda arbeid og trygd.

Rus, integrering og førebygging

- Det er også store utfordringar i forhold til rusproblematikk, spesielt med tanke på ungdom som er under tiltak frå barnevernet.

- Sosionomar møter også ein større andel av flyktningar og innvandrarar, og utfordringar ligg både i forhold til kommunikasjon og i forhold til å vera med på å få til integrering i lokalsamfunnet.

- Vi er også opptekne av å tenkja førebygging, og koma tidlegare inn, for eksempel i forhold til å få fleire sosionomar i skulen. Det er viktig å få til eit godt samarbeid mellom helsestasjon, barnehage og skulehelseteneste.

Mange jobbmoglegheiter

Kva er dei vanlegaste arbeidsområda til ein sosionom i dag?

- Den største andelen av sosionomar arbeidar i den kommunale sosialtenesta i NAV og i den kommunale barnevernstenesta.

- I tillegg arbeider sosionomar i spesialisthelsetenesta i forhold til psykisk helse, rus og somatikk, Bufetat , kriminalomsorg, skule og frivillige organisasjonar.

Kan høgskulen sine sosionomstudentar ta mastergrad?

- Ved Høgskolen i Bergen kan dei ta mastergrad i samfunnsarbeid og i Kunnskapsbasert praksis.

Kor mange studentar har sosionomutdanninga ved Høgskolen i Bergen i dag?

- Vi tar opp vel 60 studentar kvart år, så vi har totalt ca 180 studentar.

Les meir:

Elin Hovda Hageberg

Sist endret:  29.09.2011