15.11.2011
Teknologien møter eldrebølgja
Befolkninga blir stadig eldre, samstundes som tilgongen på arbeidskraft minkar. Korleis skal vi møte eldrebølgja? Fredag vitja statsråd Liv Signe Navarsete høgskulen for å sjå omsorgsteknologi i praksis.
I underetasjen til Høgskolen i Bergen har høgskulen, saman med Husbanken, bygd eit tilsynelatande vanleg husvære. Storleiken er om lag 50 kvadratmeter, fordelt på entré, bad, soverom og stove med open kjøkkenløysing.
I motsetning til vanlege leilegheiter er denne utstyrt med skjulte sensorar og har halve veggar, slik at ein kan sjå inn i alle romma.
Ei rekkje sensorar registrerer rørsle i romma, og trykksensorar i møblane registrerer om nokon sitt i sofaen eller ligg i senga. Går det meir enn programmert tid før det er trykk i nokon av møblane, blir helsepersonell eller pårørande varsla via ein sentral som registrerer alle data.
– Eg er oppteken av å leggje til rette for at folk kan bu heime lenger enn dei kan i dag, og vi må våge å snakke om teknologiske løysingar utan å bli skremt. Då er det spanande å vere her og lære om kva som er mogleg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Erstattar ikkje menneskeleg kontakt
Navarsete får omvising på laboratoriet for omsorgsteknologi av høgskulelektor Mari Berge frå sjukepleiarutdanninga og professor Knut Øvsthus frå ingeniørutdanninga. Ein student viser henne korleis ho sjølv kan måle blodtrykket.
– Teknologi kan ikkje erstatte menneskeleg kontakt, men det handlar om tryggleik. Ein skal vere trygg på at ein får hjelp når ein treng det, samstundes som du kan klare deg sjølv, presiserar statsråden.
Bli med statsråden på omvising. Klikk på pilane til høgre for å sjå videoen på full skjerm. (Video: Mediesenteret)
Regjeringa arbeider i desse dagar med ei stortingsmelding om velferdsutdanningane. Statsråden ville difor vitje høgskulen for å sjå og lære meir om omsorgsteknologi.
– Det er nødvendig med denne typen løysingar for å møte framtidas utfordringar i helseomsorga. Utfordringa ligg i å få teknologien robust nok, og å balansere overvaking mot rett til privatliv, meiner Navarsete.
Teknologi for tryggleik
Sensorane i rommet «snakkar» med kvarandre utan at brukaren merkar det, slik at alarmen ikkje vert utløyst i utide. Får du til dømes ikkje sove om natta og set deg inn i sofaen, gjev trykksensoren i sofaputa melding til trykksensoren i senga om at du no er i eit anna rom. Husværet er òg utstyrt med lyssensorar for ettersom det er større sjanse for å falle i mørkret.
– Det er skilnad på å bli overvaka og vaka over, presiserer høgskulelektor Mari Berge under omvisinga.
Husværet, eller laboratoriet for omsorgsteknologi, er eit resultat av samarbeid mellom sjukepleiarutdanninga og ingeniørutdanninga. Dei to avdelingane starta samarbeidet om dette i 2006. Målet har vore å kople teknologikunnskapen til ingeniørane med dei praktiske behova til helsepersonellet.
Bakgrunn for prosjektet
- Omsorgsteknologi-laben er eit samarbeidsprosjekt mellom Husbanken, Høgskolen i Bergen og Tunstall, som har levert dei teknologiske løysingane.
- Prosjektet er økonomisk støtta av Husbanken og Regionalt forskingsfond.
- Arkitekt Oddvar Rørtveit ved Husbanken har teikna husværet.
Prosjektet har så langt ført til oppbygging av visningshusværet og ei ny vidareutdanning – omsorgsteknologi for helsepersonell. Etter kvart har høgskolen som mål å byggje opp forsking knytt til dette fagområdet og vidareutvikle utdanninga som eit spesialiseringsemne på mastergradsnivå.
Ønskjer å etablere kompetansesenter
Med samhandlingsreforma vil det vere behov for tett samarbeid mellom eksempelvis Helse-Bergen og kommunane i regionen.
– Høgskulen ønskjer å ta ei nasjonal rolle gjennom etablering av eit kompetansesenter for omsorgsteknologi, og slik bidra til at samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunane vert kunnskapsbasert og forankra i forsking, fortel rektor Ole-Gunnar Søgnen.
Les meir om prosjektet:
Sist endret: 15.11.2011
