• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

25.01.2012

Kranselag på Kronstad

Høgblokka på Kronstad er tett.
Høgblokka på Kronstad er tett. I 2014 er det innflytting for studentar og tilsette i det nye høgskolebygget. Foto: Jon Hoem.

Torsdag markerast ein milepæl for høgskolebygget på Kronstad. Heile hovudblokka er tett og det er kranselag på Kronstad.

Det er Statsbygg som inviterer til kranslagsfeiring for å markere at hovudblokka er tett.

Dagen er særleg retta mot arbeidarane som har utført arbeidet med å tette bygget, men også høgskulen, som framtidig leigetakar, er invitert.

Over 300 gjester er inviterte til kranselaget for å markere denne viktige milepælen for høgskolebygget på Kronstad.

Kva er kranselag?

Kranselag er ein tradisjon med røter 1000 år tilbake i tid. Ifølge tradisjonen skal byggherren invitere til fest for arbeidarane når taksperrene er på plass i bygget.

På Kronstad har ein vald å feire denne dagen fordi hovudblokka på høgskolebygget er tett, og ein syntes det var ein naturleg markering for kranselaget.

Studentar deltar

Dei som deltar på kranselaget er handverkarar, planleggarar og leigetakarar. Leiar og nestleiar i Studentparlamentet deltar på kranselaget og representerer høgskulen sine studentar.

No når høgskoleblokka er tett kan det innvendige arbeidet i blokka starte for fullt. Følg med på aktiviteten på Kronstad på vår bildeblogg Kronstad.

Har du spørsmål om det nye høgskolebygget på Kronstad? Ta kontakt på Kronstad@hib.no.

Elin Hovda Hageberg

Sist endret:  25.01.2012