• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

23.01.2012

Omsorgsteknologi blir prøvd ut i praksis

helseministerenNy teknologi: Her illustrerer tidlegare HiB-student Torill Lohne Hordvik og førstelektor Grethe Oline Hole korleis blodtrykket kan overvakast heime i eiga stove.

Korleis skal velferdssamfunnet møte det stadig aukande behovet for helse- og omsorgstenester? Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen fekk illustrert korleis ny omsorgsteknologi kan gi svaret då ho vitja Høgskolen i Bergen førre veke. No skal teknologien prøvast ut i 250 heimar.

Rørslesensorar, trykksensorar, fuktsensorar og fallalarmar er noko av det den nyaste omsorgsteknologien har å by på.

No skal omsorgsteknologien for første gang testast ut i stor skala i Norge. Høgskolen i Bergen har fått over 2 millionar frå Regionalt forskningråd til eit prosjekt i Lindås kommune. Rundt 250 heimar som nyttar heimetenestene i kommunen skal teste ut teknologien.

Formålet er å kartlegge erfaringane hos brukarane, pårørande og tilsette i heimetenesta før og etter at omsorgsteknologien har blitt teken i bruk. Prosjektet skal også vurdere korleis dei teknologiske løysingane påverkar organiseringa av heimetenestene og dokumentere potensielle innsparingsmoglegheiter ved å ta i bruk omsorgsteknologi.

Skal kunne bu lenger heime

På Høgskolen i Bergen har ein innreia ei visningsleiligheit der teknologien er installert. Den er innreia som ei vanleg leilegheit, men er utstyrt med ei rekkje sensorar som sender informasjon til eit sentralt mottakssenter. Dette senteret kan vurdere om heimetenesta bør komme utifrå den informasjonen sensorane sender.

- Målet er at både eldre og pårørande skal kunne føle seg tryggare. Ved hjelp av teknologien kan eldre og demente bu lenger heime i staden for å bli plassert i institusjon, fortalde Knut Øvsthus som viste helseministeren rundt i visningsleiligheita.

Å føle tryggleik og ha sine eigne rutinar sin eigen heim kan ha mykje å seie for livskvaliteten. Teknologien kan ikkje erstatte dei varme hendene, men den kan opne for andre måtar å organisere heimetenestene på.  Helseministeren gav uttrykk for at ho synest prosjektet i Lindås var svært interessant.

– Eg opplever også at det er mindre skepsis i omsorgssektoren til å ta bruk teknologi no enn tidlegare, sa ministeren.

Tverrfagleg arbeid

Det tverrfaglege samarbeidet mellom ingeniørutdanninga og sjukepleieutdanninga går tilbake til 2006. Høgskulen satsar dessutan på å utdanne helsepersonell som kan ta i bruk og vurdere den tilgjengelege teknologien.

 – Det er viktig at ein har helsepersonell kan stille krav til teknologien og som har kompetanse til å gjere kloke vurderingar når ein gjer innkjøp av omsorgsteknologi, poengterte Øvsthus.  

Deltidsstudiet  i omsorgsteknologi  går over eit halvt år og startar opp att hausten 2012.

Les meir om prosjektet:

 

Ingrid Hope

Sist endret:  24.01.2012