• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

17.01.2012

– Det å vere frivillig er ikkje berre jobb

Marte Lystrup jobbar i plakatgruppa til Hulen

Marte har jobba i plakatgruppa til Hulen i tre år. No er ho leiar for gruppa. Foto: Ragnhild Osnes Olsen

Gode møtestadar for studentar er eit viktig element i ein god studentby. Kvar veke er rundt 500 frivillige i sving for å halde hjula hos studentutestadane Kvarteret og Hulen i gang.

– Borte på den stolpen er det bra å henge opp plakat. Det er mange som går forbi her.

Marte Lystrup (23) peikar mot ei søyle inne i lokala til Kvarteret i Bergen. Er det ein som veit om gode stadar å henge opp konsertplakatar i Bergen by, så er det ho.
I heile tre år har ho jobba frivillig i plakatgruppa til Hulen, som er konkurrenten til Kvarteret.

– Eg hadde vener som jobba på Hulen. Dei fortalte om gratiskonsertar og billeg øl. Det finaste med å vere frivillig er likevel at ein får så mange vener, seier 23-åringen.

Til dagleg går Marte i 2. klasse ved grunnskulelærarutdanninga 1.–7. trinn ved Høgskolen i Bergen. Då ho fyrst meldte seg frivillig for Hulen, hadde ho som oppgåve å henge opp konsertplakatar rundt om kring i byen. No, tre år etter, er ho leiar for heile plakatgruppa. Det betyr at ho er den som bestemmer kor mange plakatar som skal ut kvar dag, kor dei skal hengjast opp, og ho lærer opp nye frivillige.

Hulen og Kvarteret

  • Hulen held til i i eit gamalt tunnelsystem (tidlegare tilfluktsrom) under Nygårdshøyden i Bergen.
  • Hulen har eksistert sidan 1968 og er ein av Noreg sine aller eldste rockeklubbar.
  • I dag har Hulen rundt 150 frivillige, dei fleste av dem studentar.
  • Det Akademiske Kvarter held til midt i sentrum av Bergen, har ni ulike scener/rom og har plass til 1500 besøkande.
  • Det krevast omlag 400 frivillige for å drive Kvarteret, dei aller fleste er studentar.
  • Kvarteret har rundt 2200 arrangement i året, alt frå konsertar og teater til debattar i regi av Studentersamfunnet.


Rask veg til eit sosialt nettverk

Det er ikkje alltid like enkelt å flytte til ein ny og ukjend by som student. I slike situasjonar trur Marte at det sosiale aspektet ved det å vere frivillig er gull verdt.

– Det å vere frivillig er ikkje berre jobb. Vi har også festar og eigne arrangement på Hulen som er berre for oss. Slik vert ein raskt del av ein samansveisa gjeng.

I tillegg til å skaffe seg nye vener, er ein også med på å gjere det gode studentmiljøet i Bergen enda betre.

– Kvarteret var jo stengd lenge på grunn av oppussing. Då det opna opp att merka vi som haldt til på Hulen at det vart mykje meir kamp om publikum. Det er jo eigentleg utelukkande positivt, sidan konkurranse fører til eit betre tilbod til studentane. Det er jo masse å velje mellom no, ikkje berre konsertar, men ting som teatersport og vinylmesser.

Studentbyen Bergen har mykje meir å by på enn eit godt uteliv. Her kan du sjå kva slags andre tilbod som finnast i nærleiken.

Ragnhild Osnes Olsen

Sist endret:  20.01.2012