• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

30.01.2012

Kurs i arbeid med par

Frode Thuen er leiar for utdanninga i parterapi ved Høgskolen i Bergen.Professor Frode Thuen er leiar for utdanninga i samlivsterapi ved Høgskolen i Bergen.

– Auka bruk av parterapi har truleg medverka til at færre par søkjer om skilsmisse, meiner professor Frode Thuen ved Høgskolen i Bergen. Høgskolen tilbyr fleire spanade kurs i parterapi denne våren.

Ferske tal frå Fylkesmannen i Hordaland syner at talet på skilsmisser og separasjonsløyver i Hordaland gjekk kraftig ned i 2011. Frode Thuen trur at auka bruk av samlivskurs blant ektepar som slit kan ha noko av æra.

Ynskjer du å bygge kompetanse for å hjelpe par i ein vanskeleg situasjon?
Denne våren tilbyr Høgskolen i Bergen tre ulike kurs for å bygge kompetanse hjå fagpersonar som kjem i kontakt med par i vanskelege livsfasar.

Alle kursa går over tre dagar og haldast i Høgskolen i Bergen sine lokalar.

Emosjoner og affektbevissthet i klinisk arbeid med par

Dato: 7. - 9. februar 2011 
Kurset haldast av psykolog Sissel Gran, psykolog Anne Johnsen og professor Frode Thuen.
Påmeldingsfrist: 01.02.2012 
Meld deg på her.

Foreldre og barn i møte med samlivskonflikter, samlivsbrudd og nye familier

Dato: 13. - 15. mars 2012 
Kurset haldast av psykolog Tor-André Ribe Anderssen, familieterapeut/seniorrådgjevar Berger Hareide, psykolog Annette Due Madsen og professor Frode Thuen.
Påmeldingsfrist: 07.03.2012 
Meld deg på her.

Kognitive og motivasjonelle tilnærminger i klinisk arbeid med par

Dato: 8., 9. og 10. mai 2012 
Kurset haldast av familieterapeut/forskar Terje Tilden, psykolog/forskar Morten Anker, psykolog/stipendiat Sonja Mellingen og professor Frode Thuen.
Påmeldingsfrist: 02.05.2012 
Meld deg på her.

Til saman utgjer desse tre kursa ei vidareutdanning på 15 studiepoeng i klinisk arbeid med par. Les meir om dette studiet her.

Dei tre kursa kan likevel takast uavhengig av kvarandre som eit tilbod til fagfolk som ikkje har bruk for eller høve til å følgje heile vidareutdanninga i klinisk arbeid med par, men som gjerne vil fordjupe seg i eit eller fleire av dei aktuelle temaa.

Kontaktpersonar:

Frode Thuen, e-post: frode.thuen@hib.no, tlf 55 58 72 03 (faglege spørsmål)

Karianne Akselberg , e-post: kunnskapsbasert@hib.no, tlf 55 58 55 92

Ragnhild Osnes Olsen

Sist endret:  29.03.2012