• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

21.02.2012

Nyttar studietida til sosialfagleg rådgjeving

Studenter ved Bergen uavhengige sosialrådgivningSosionomstudentane ved HiB nyttar studietida til å hjelpe andre. Frå venstre: Marte Ottesen, Aina Christiansen, Åshild Arnevik Barkve og Jeanette Horn. Foto: Ingrid Hope

- Ein ting er å lære teorien. Men det er noko anna å prøve seg i praksis, seier sosionomstudentane ved Bergen uavhengige sosialrådgivning.

Marte, Aina, Åshild, Jeanette og Stine er andreårsstudentar ved HiB. Vi møter dei i høgskolen sine lokale på Nordnes der Bergen uavhengige sosialrådgivning (BUS) held til.

Her kan personar som treng hjelp og retteleiing til å orientere seg i det offentlege hjelpeapparatet ta kontakt.

- Her kjem folk i alle aldrar, frå 20 til 70 år, fortel Åshild Arnevik Barkve.

Meir tid til å lytte

I 2011 var det totalt 130 personar som tok kontakt med den uavhengige rådgjevingstenesta. Folk som henvender seg til BUS har ulike problemstillingar. Enkelte treng informasjon og hjelp til å ta kontakt med hjelpeapparatet, andre treng å få klarlagt kva rettar dei har, få hjelp til å fremje søknader eller formulere klager på vedtak som er gjort av hjelpeapparatet.

Fakta om BUS

  • Etablert i 1998
  • Eit frivilleg hjelpetilbod for folk i alle aldrar
  • Blir drive av sosionomstudentar ved Høgskulen i Bergen
  • Har ope mandag, tysdag og torsdag frå kl 14.00 - 18.00

Mange har også økonomiske vanskar og bustadproblem. Ein del utlendingar henvender seg også med spørsmål om opphaldsløyve, familiegjenforening og liknande.

Sosionomstudentane får med andre ord bryna seg på eit mangfald av situasjonar og problemstillingar.

- Skilnaden mellom oss og det offentlege hjelpeapparatet er kanskje at vi har meir tid til å lytte. Vi sit heller ikkje på pengar, men gir råd og retteleiing om korleis dei kan få hjelp, seier Åshild.

Frå teori til praksis

Med kyndig rettleiing får dei sett teorien som dei lærer på studiet ut i praksis. Studentane får rettleiing i alle saker av lærarar som jobbar ved utdanninga og andre sosionomar. Dei har også kontakt med andre fagfolk i hjelpeapparatet som dei søkjer råd hos. På denne måten vert kvaliteten på tenestene sikra.

- Å jobbe i BUS er ein god læringsarena. Det er tidkrevjande, men samtidig veldig lærerikt. Å ha praktiske erfaring er dessutan nyttig når ein seinare skal ut i arbeidslivet, poengterer dei vordande sosionomane.

Les meir om:

Ingrid Hope

Sist endret:  06.03.2012