• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

27.02.2013

Arrangerer konferanse i India

Dhayalan VelauthapillaiFørsteamanuensis Dhayalan Velauthapillai og HiB arrangerer konferanse om nanoteknologi med mellom anna den indiske høgskulen CIT i Coimbatore, India.

Det starta med ein nyfiken forskar som hadde vore på konferanse i India. No utvidar HiB sitt samarbeid med den indiske høgskulen CIT.

I 2011 blei det signert ein samarbeidsavtale mellom HiB og Coimbatore Institute of Technology (CIT) i India. Mellom anna vart ein einige om å jobbe saman om forsking og Ph.D.-rettleiing.

I juli blir samarbeidet større: Då inviterer HiB og CIT internasjonale forskarar til den indiske byen Coimbatore.

Internasjonal konferanse

– Det blir ein stor internasjonal, fagleg konferanse om bruk av nanomaterialar i alle samanhengar. Det blir også ein norsk-indisk workshop, der temaet blir nanomaterialar i solcelleteknologi, seier Dhayalan Velauthapillai.

Her kan du lese meir om konferansen.

Dhayalan er førsteamanuensis ved Institutt for data- og realfag, og har forska på elektromagnetisk modellering og nanoteknologi i fleire år.

Under ein konferanse i 2008 kom han i kontakt med indiske forskarar frå CIT. Han vart nysgjerrig på korleis dei jobba med nanomaterialar, og har sidan besøkt høgskulen i India fleire gonger.

Ørsmå, men store moglegheiter

– Nanomaterialar er veldig små partiklar som ein ikkje kan sjå med det blotte auge, ein må bruke instrument, sier Dhayalan.

Partiklane har ein storleik på mellom 0,1 og 100 nanometer. 1 nanometer er ein milliondels millimeter, det vil seie eit titusendels hårstrå.

Teknologien er i dag på eit tidleg stadium, men vert allereie nytta i ein rekkje ulike samanhengar, i alt frå tennisracketer til tekstilar og maling.

Kan løyse energikrisa

Konferansen Nanomaterials for Frontier Applications

Arrangerast 10.-12. juli 2013 i den indiske byen Coimbatore.

Arrangørar: Høgskolen i Bergen og Coimbatore Institute of Technology.

Medarrangørar:

Nettsida til konferansen.

Ifølgje EU reknar ein med at teknologien vil ha størst påverknad på kjemi og materialar, bioteknologi, IKT, helse og medisin, og sikkerheit og forsvar.

Kanskje kan dei ørsmå partiklane løyse den store energiutfordringa i verda, mellom anna gjennom meir effektive solceller, batteri og brenselceller.

I dag nyttar ein silisium i solceller, noko som båe er dyrt og krevjande å lage. Dhayalan og forskarane i India undersøker korleis ein kan ta i bruk nanomaterialar i solcelleteknologi.

– Men det er framleis langt fram. I dag har grunnstoffet silisium ein mykje betre evne enn nanopartiklar til å absorbere sollys. Me prøver heile tida ut nye metodar og fleire materialar for å betre eigenskapane til dei små partiklane og for å auke absorpsjonsevna til solcellene, seier Dhayalan.

Prioritert område for HiB

Hausten 2012 vedtok høgskolen sin Handlingsplan for internasjonalisering. I hovudsak inneber denne sterkare prioritering og ei betydeleg kvalitetsheving av alt internasjonalt samarbeid.

Ifølgje HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen har høgskolen tidlegare vore mest oppteken av å leggje til rette for utveksling blant bachelorstudentane.

– Når me no har etablert ei rekkje mastergrader, og planleggjer doktorgrader, blir det mykje viktigare å utvikle det internasjonale samarbeidet, seier han.

Søgnen meiner HiB bør konsentrere seg om færre avtalar, og utvikle desse til også å bli samarbeid om faglig utvikling og forsking, i tillegg til studentutveksling på ulike nivå.

– Me må i sterkare grad vektleggje utveksling på masternivå. Skal me få innreisande studentar til mastergradene, må desse i større grad undervisast på engelsk, seier HiB-rektoren.

Samarbeidet kan bli større

CIT er tilknytta Anna University og vart oppretta i 1956. I dag har høgskulen rundt 3000 ingeniørstudentar i byen Coimbatore. Dette er ein by i den sørlege delstaten Tamil Nadu, og byen har rundt 2 millionar innbyggarar.

I dag er Dhayalan rettleiar for Ph.D.-studentar frå CIT, og håpet er å utvikle samarbeidet ytterlegare.

– Kanskje me ein dag kan sende master- og Ph.D.-studentar frå HiB til India, seier han.

Kenneth Nodeland

Sist endret:  27.02.2013