• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

15.02.2013

Helsesystrer med praksis i Etiopia

HelsesøsterstudenterDet er ikkje rart helsesysterstudent Sigrun Dale og Idunn Jenny Nygård smiler frå øyre til øyre: Dei gler seg til å ta fatt på det nye praksisarbeidet i Etiopia.

Sigrun Dale og Idunn Jenny Nygård reiser denne veka til Etiopia. Ei heilt ny samarbeidsavtale gjer dei til dei fyrste helsesysterstudentane som har praksisen så langt heimanfrå.

– Me er veldig spente på kva me kjem til å møte på. Det vil nok være mange nyttige erfaringar som me kan ta med oss heim til arbeidet som helsesyster i Noreg, seier Sigrun Dale (26).

Saman med seks andre studentar frå Høgskolen i Molde vil dei to studentane ved helsesysterutdanninga ved Høgskolen i Bergen dra til Etiopia for eit fire veker langt praksisopphald.  

Etter å ha jakta på eit internasjonaliseringsprogram i årevis, fann nemleg helsesysterutdanninga det dei no håpar er starten på eit langvarig samarbeid: Women´s Health Association of Ethiopia, ein systerorganisasjon av Norske Kvinners Sanitetsforening.

Førebyggande arbeid

Samarbeidet er heilt ferskt og studentane er no klare for nye utfordringar i Addis Ababa og byar utanfor som Chancho, Gulele og Debra Zeit. Der skal dei drive førebyggande helsearbeid med fokus på kvinne- og barnehelse.

– Hensikta er å ta problema før dei oppstår, seier Idunn, og legg til at informasjon og opplæring difor vil vere viktig.

For med om lag 60 prosent av befolkninga på under 24 år, står ein overfor ei stor utfordring: Kva gjer ein når ein manglar store delar av den vaksne generasjonen til å drive med opplæring av ungdommen?

– Landsbygdene si sanitetsforening har mobilisert føregangskvinner som har ei særskild rolle som førebilete og underviser i diverse helserelaterte emne. Planen er at me skal gi desse kvinnene eit ekstra lyft, forklarer Idunn. 

Jorunn Lokøy og Åse Sivertsen, som begge er helsesystrer på Askøy, skal være med som rettleiarar for studentane.

– Me reiser med eit opent sinn, og eit av måla med opphaldet er å få kunnskap som me kan ta med tilbake til våre kollegaer. Slik kan me heve kompetansen i kommunen sitt eige arbeid med flyktningar og innvandrarar, fortel Jorunn.

Kulturforskjellar og haldningsendringar

Studentane har førebutt seg godt i forkant av praksisturen. Dei veit at mangel på kunnskap om hygiene, smitte og prevensjon er blant dei hyppigaste problema dei vil møte på. Fattigdom avlar fattigdom, noko som gjer prevensjon spesielt viktig. Tendensen er at familiane vert så store at mange ikkje har råd til å brødfø barna sine.

– Dei etiopiske kvinnene har formidla ønske om auka tilgjengelegheit og rettleiing av ulike prevensjonsmiddel, så her har me tenkt me kan bidra, seier Idunn.

Ei utfordring dei må vere førebutt på, er å kommunisere med kvinnene sine menn. Dei har nemleg vist seg å ha motførestellingar mot nettopp prevensjon.

– Etiopiarane er eit stolt folkeslag. Me må passe på å ikkje tråkke nokon på føtene med våre vestlege verdiar, legg Sigrun til. Ho meiner dei må starte med å byggje ein relasjon til lokalbefolkninga.

Ulike typar «behandling»

Kulturforståing er ein vesentleg del av og ikkje minst eit mål for turen. Helsesystrene har vorte tipsa om at dersom dei lèt dei lokale vise fram ein dans, og dei seier seg villige til å lære dansen, vil det bryte isen. Men dei to har òg med seg noko som både kan glede og varme dei lokale.

Klær
Lokalbefolkninga i Florø tok annonsen om strikketevlinga på alvor. No er koffertane til Idunn og Sigrun fullessa av barneklede.

– Eg sette inn ein annonse i Firdaposten i heimebygda om eit strikkeprosjekt. Responsen var over alle forventingar. No har me koffertar fulle av strikketøy for barn som me kan dele ut, så dei ikkje frys på natta, seier ein nøgd Idunn. Både ho og Sigrun er særs glade i barn, noko som òg har vore avgjerande i valet av utdanning som helsesyster.

– Eg brenn for at barn skal ha ein god oppvekst, difor vert eg ekstra engasjert når det dreier seg om barn og unge. Generelt synst eg det nyttast for mykje ressursar på behandling, og at førebyggande helsearbeid får altfor lite fokus. Ein kjem langt med kommunikasjon og rettleiing, meiner Sigrun.

På denne bloggen kan du følgje studentane sine erfaringar under praksisopphaldet i Etiopia. Du kan òg gå inn på utvekslingsbloggane våre for å lese om andre studentar sine opplevingar i utlandet.

Maria Gabriela Fehr Johansen

Sist endret:  04.03.2013