• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Utviklingsmidlar til samarbeidsprosjekt mellom høgskulane og Bergen kommune

Utviklingsmidlar

Midla som tidligare blei brukt til praksisrettleiing skal fordelast til helse- og sosialfaglege prosjekt og samarbeidstiltak som fremjer sterkare samarbeid mellom utdanning og praksis.

Helse- og Omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har bestemt at denne ordninga skal erstatte honorar for rettleiing av studentar i helse- og sosialfagleg praksis. Kommunane si oppfølging av studentar finansierast no gjennom rammefinansieringen.

Dei tidligare praksisrettleiingsmidla, eller utviklingsmidla, skal no brukast til samarbeidsprosjekt mellom høgskulane og kommunane.

Kvart studieår blir ca ein million kroner fordelt til prosjekt som fremjar samarbeid og bidrar til å utvikle praksisfeltet som læringsarena for studentane.

Utviklingsmidla er retta mot samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og Betanien diakonale høgskole, Haraldsplass diakonale høgskole og Høgskolen i Bergen.

Tilsette ved dei aktuelle høgskulane og tilsette i Bergen kommune sine helse- og sosialtenester som har studentar frå en eller fleire av høgskulane i praksis, kan søkje om utviklingsmidlar i fellesskap.

Til saman har nesten 30 prosjekt fått støtte så langt. Prosjekta har generert erfaringsutveksling og nyttig kunnskap. Storleiken på dei tildelte beløpa varierer i hovudsak frå kr. 25 000 til kr. 100 000.

Tildelinga for 2012 -2013 er no klar

I samband med kvar søknadsrunde blir det arrangert eit informasjonsmøte der interesserte kan få nærare orientering om desse midlane.

På møtet blir det gitt informasjon om retningslinjer og søknadsrutiner, saman med ei oversikt over kva ein har støtta tidligare. Representantar for prosjekt som er i god gjenge ved hjelp av utviklingsmidlar, vil også fortelle om korleis dei har gått fram undervegs i samarbeidet og kva dei ser som viktige suksesskriterium.

Lover og forskrifter

Prosjektleiaren er ansvarleg for at gjeldande lover og forskrifter er avklarte før prosjektet blir starta, og at lover og reglar blir følgde. Dette gjeld også eventuell godkjenning av prosjektet hos REK-Vest eller NSD/Datatilsynet.

Kontakt


Grete Oline Hole, tlf 55 58 55 40, grete.oline.hole@hib.no.

Nyheiter om utviklingsmidlar

Andre dokument

Treng du meir informasjon, send e-post til utviklingsmidler@hib.no.

Sist endret: 11.05.2012