Institutt for data- og realfag

Studiemiljø

Studentar

Ved instituttet er det om lag 200 datastudentar. Studentane går for det meste i klassar på 30 - 40 studentar, men får i mange fag undervisning i større grupper. Ved arbeid på laboratoriet kan klassen vera delt i to eller fleire grupper.

I alt blir det tatt opp om lag 500 studentar til bachelorstudiet for høgskoleingeniør i Bergen kvart år, og alle desse skal også ta faga matematikk, fysikk og statistikk hos oss.

Fagutval

For kvar utdanning ved høgskolen har vi fagutval. Dette er eit samarbeidsorgan mellom lærarar og studentar der vi tar opp problemstillingar rundt planlegging av undervisning, faglitteratur, fagplanar, studieprogresjon og studiekvalitet og læringsmiljø generelt. Kvar dataklasse har ein representant i fagutvalet, og dei ulike lærargruppene har i alt 8 representantar. Utvalet har normalt to møte kvart semester.

Klasserom og laboratorium

Datastudentane sine klasserom ligg i 6., 7. og 8. etasje i A-blokka, Nygårdsgt. 112. Datalaboratorium er plassert i 5., 7. og 8. etasje. Her disponerer vi om lag 70 - 80 datamaskiner i nett, for det meste PC med Windows operativsystem, men mange maskiner har også Linux.

Les også...

Sist endret: 07.02.2011