• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Stor bredde i datastudentanes hovedprosjekter.

digitalt røntgenbilde av knokkel
Internett basert arkiv over digitale røntgenbilete.

Dataingeniørene presenterar neste veke til saman 34 prosjekter. Nokon stikkord som visar bredden er radar, personlighetstester, fotballstatistikk, røntgen, satelitt og utvikling av nettsider.

Dataingeniørstudiet ved Høgskolen i Bergen er 3-årig og blir avslutta med eit 4-vekttalls hovedprosjekt. Studentane arbeider samen i grupper på 2-4. Dei bestemte seg for oppgåve i starten av semesteret, men det er først etter påske dei har fått jobba full tid med prosjekta.

Oppgåvene er henta frå private og offentlege bedrifter og organisasjonar, til saman 34 prosjekt. I år har studentane løyst oppgåver for mellom anna: Adekvat Info, Bergen Data Consulting, Bergensavisen, Christian Michelsen Research, Delfi Data, Globe Systems, Høgskolen i Bergen, Nansensenteret, Sjøforsvaret, Universitetet i Bergen.

Eit eksempel er gruppa som har laga eit Internett basert arkiv over digitale røntgenbilete. Der kan søke etter bilete som oppfyller spesielle krav for eksempel brot i lårbeinet (femur). Programmet er laga spesielt med tanke på opplæring av radiografstudentar. I programmet kan du også utføre enkel manipulering for eksempel invertere fargar, endre lysstyrke med meir. Studentane har presentasjon tirsdag 19. juni kl 9.00. Prosjektets nettside.

Det blir gitt ein presentasjon og demonstrasjon av kvart prosjekt på 30 minutt. Presenta­sjonane foregår i auditorium A615 i Nygårdsgt. 112 den 18. - 22. juni. Ein detaljert

Timeplan med lenker til dei fleste prosjekta si heimeside finn du her.

Presentasjonane er opne for alle interesserte.

Sist endret:  13.03.2008